lørdag 24. mai 2008

På heklekjøret igjen...



Heilt sidan eg skreiv innlegget "Hekletryne" for litt sidan, har eg hatt veldig lyst til å prøve å hekle litt igjen. Fann ei oppskrift på nokre gryteklutar som eg synes var litt artig i bladet Familien, og gjekk til innkjøp av bomullsgarn og heklekrok. Desse er hekla med heklekrok nr. 4, sjølv om det stod i oppskrifta at ein skulle bruke nr 6. Viss du les dette mamma, så skal du vite at eg ikkje kjører samme løpet som eg gjorde sist, eg tek pausar og tøyer og bøyer, så ikkje betendelsen i armane sett seg igjen..:-) Artig med hekling altså!

Humørsprederen; BLOMSTER




Blir så glad når eg kan begynne å plukke inn blomster, både frå "hagen" og markblomster! Då finn eg fram dei små vasane mine og sett dei på alle mulige ledige hyller og vinduskarmer (er ikkje så mange av dei hos oss). Blir rett og slett i godt humør av å ha blomster rundt meg og for min del treng det absolutt ikkje vere "kjøpeblomster". Mi oppfordring er å ta ein tur ut og sjå kva naturen har å by på av heilt gratise humørsprederar! Enjoy!

søndag 18. mai 2008

Noreg, pappa og Øyvind sin bursdag...



På 17.mai hadde vi ein laang og god frokost heime hos oss sjølve, før vi reiste ut til broren til Øyvind med familie var feira der resten av dagen. Det er ei familiesvakhet å alltid måtte holde ein blomst når ein blir tatt bilde av. Ser alltid like naturleg ut! (Bilete nr. 1)

Gratulerer med dagen til pappaen min (oppfinneren av "holde-blomsterpotte/vase-trikset") som blei 55 år 17. mai!!

OG....: Gratulerer med dagen til den herlige mannen min som fyller 31 år i dag!!! Vi har hatt storselskap med grilling (halvveis innendørs pga haglbyger!), kaker og stor stas hos svigers. (Var litt for liten plass på våre 40 kvadrat..)

Ser ut som Øyvind gler seg til kaka som broren forsyner seg av..

torsdag 15. mai 2008

Hekletryne..


Hekla desse lappane til eit lappeteppe i fjor påske. Syntes det var veldig kjekt og stod virkeleg på. Litt for mykje trur eg, for kombinert med tentamen- og eksamensretting slo dette seg ut i ein senebetendelse som sitt i enda.. Klarer ikkje sjå på "teppet" (har no sydd samen lappane) utan å bli litt irritert, Kvifor måtte eg vere slikt eit hekletryne?! ...men etter all heklinga fortjener det ein plass her likevel..

tirsdag 13. mai 2008

Olavko curry


Noko eg aldri blir lei av er indisk- og nepalimat! Det er absolutt noko av det beste eg veit. Fekk smaken på det då eg var fem mnd i Nepal i 99/00, og har prøvd meg på litt forskjellige oppskrifter sidan den gong. Vår gode venn Olav er ekspert på indisk mat og det er av han eg har fått dagens oppskrift. Når ein legg til "-ko" etter f.eks. eit navn på nepali, er det som vi legg på ein "s" på norsk, eit slags eigendomspronomen. Dvs. overskrifta betyr Olavs curry. Den har eg hatt til middag i dag og det var aldeles nydelig..mmmmm! Her kjem oppskrifta:

1 kg kyllingfilet
3 ts jeera (malt spisskummin)
1 ss finhakka kvitløk
1 ss finhakka ingefær
2 små finhakka løk
1,5 ts malt koriander
2 ts gurkemeie
1/2 ts kardemomme
1/4 ts kanel
1/4 ts nellik
1/8 ts muskat
2 ts garam masala

Ha alt i gryta og la det surre! Kylling, løk, kvitløk og ingefær først og krydderet etterpå.

3 ts tomatpurre
1/3 ts sukker
1 pk creme fresh
1/2 ts salt (evt smak til med litt meir til slutt)
evt litt vann

La det koke i ca 15 min på svak varme. Server med kokt basmatiris og evt nanbrød og NYT!

mandag 12. mai 2008

Ein puff blir ny





Eg har hatt denne gamle puffen i fleire år og mamma fortalte at det har vore oldeforeldra mine sin. På tide for den puffen å bli ny??! Ja, det trur eg jammenogdet.

Stoffet er kjøpt på Åhlens og i mangel på ein stiftepistol, gjorde eg som olderforeldra mine (muligens?), og spikra på stoffet med bittesmå spikrar. Sydde sjølvsagt trekket til sjølve puffen saman først.

Er faktisk ganske så fornøgd med resultatet...Artig!

Kiss the cook


Fått meg nytt skilt! Fint eller?! Må sørge for å få litt betaling for all maten eg lager her i huset..:-) (Kjøpt på Villa Charme)

søndag 11. mai 2008

Loppisfunn




Denne våren har eg fått med meg nokre loppemarked her i Bergen. Øyvind og eg er litt uenige om kva som er funn og ikkje..eg er liksom litt meir positiv enn han til å dra gamle ting inn på den 40 kvadreatmeter store leiligheta vår. Er heilt enig i at vi ikkje har plass no, men ein vakker dag..DÅ kan det vere kjekt å ha. F.eks. eit skjelett av ein Manila- stol.. Ønska meg alltid ein slik stol då eg var liten og når eg fekk den for ein 50- lapp, kunne eg ikkje la vere. Planen er å sy ei stor pute med eit fargerikt stoff på. Høres ut som ein god plan, spør du meg:-) Vi får sjå!

Fann også ei kjøkkenvekt som var veldig tøff! Litt av mailinga hadde flassa av, men nokre runder med spraymaling, så blei den kjempefin (bildet er tatt før sprayinga). (Spraymaling kjøpt på Europris til 37, 50, genialt!)

Ender alltid opp med ein vase eller to også..merkelig det der korleis vase på vase berre står der og roper på meg!

Har nokre ting til, som eg heller skal kome tilbake til viss eg får gjort det eg har planer om å gjere med dei...Vi får sjå!

fredag 9. mai 2008

Album frå Filipinene






Vi var så heldige og fekk ta turen til Filipinene i påska. Vi var i bryllup til ei barndomsvenninne og fekk ein herleg ferie der nede. No er tida komen for å mimre, kose seg med bilder og ikkje minst scrappe litt..

onsdag 7. mai 2008

Bloggings!

Etter å ha susa gjennom utallige bloggar og storkosa meg med å sjå på alt det de der ute finn på, får til og til og med får det blogga ( heiter det eigentleg det?!), fekk eg lyst til å prøve meg sjølv.

Litt usikker på kva som kjem til å prege denne bloggen, men trur det kjem til å bli mest "artige ting" dvs...litt scrapping, matlaging og oppskrifter, sying, hekling, loppisfunn og andre gøye interiørting og muligens litt om livet ellers.

Då er vi i gaaaang!!!