tirsdag 28. oktober 2008

Har kjøpt huuuuuuus!!


Etter lange tider med leiting, vurdering, visningar, kronetelling osv, har vi faktisk kjøpt det huset vi berre ikkje har klart å få ut av tankane den siste tida. Ikkje fordi huset var kjempestort, nytt og perfekt, men fordi vi berre falt så veldig for det og fekk så ekstremt god følelse då vi var og såg på det. Tenk at huset er vårt, jippijaja!!!!

søndag 26. oktober 2008

Scrapbookingkurs...



I dag har eg vore på scrapbookingkurs! Marie Dørdal Sylta heiter dama som var så snill å hadde eit inspirerande og lærerikt kurs for oss. Sjå bloggen hennar ! Vi har reve, krølla, sverta og kosa oss skikkelig! Veldig artig å lære noko nytt:)

lørdag 25. oktober 2008

Hummer og kanari...





Det er godt innevèr, for å sei det sånn. Har sydd litt, spraya litt og kosa meg. Den gule ugla vart så einsam åleine i stua, så no har den fått selskap av to gule froskar. Dei har fått plass på eit loppis- "sølv"-fat ilag med to lysestakar som vart lilla, lys og blomster.

Det lille teppe er et forsøk på ein lappeteknikk som svigerinna mi viste meg. Har aldri vore borti slik sying før og litt skeivt blei det, men kjekt å prøve.

Eitpar nålputer som eg har sett på mange ulike bloggar. Då eg prøvde å finne kjelda, fann eg haugevis og veit ikkje kvar eg såg dei først, så det vart litt vanskeleg.

Til slutt eitpar adventshjerter, med litt fargepynt!

lørdag 18. oktober 2008

Rangi- changi...



Av og til blir eg så lei av at ting skal "matche" og får behov for nokre ekstra fargeklattar i stua. Ei brungrå kjeramikkugle frå eit loppemarked blei signalgul med litt spraylakk og puta er sydd saman av litt forskjellig stoff, blonder og band eg hadde liggande. Herleg å slå seg laus og vere litt "rang-changi" av og til. "Rangi- changi" er eit av dei artigaste orda eg veit om og det betyr "fleirfarga" på nepali.

mandag 6. oktober 2008

Ny lampe...




Kjøpte ein lampefot eg syntes var litt artig på eit loppemarked for leeenge sidan. Har pussa litt, spraymala litt og grubla på ein passande skjerm til vidunderet. I kveld har foten fått seg ein prikkete skjerm med blonder.