onsdag 31. desember 2008

Lopper og barndomsminner...



Ein kan vel ikkje kalle ting som ein finn i sin eigen barndomsheim for lopper?! Nei, det kaller eg barndomsminner. Med nytt hus og mykje plass er det fantastisk å få frie tøyler til å plukke med seg gode minner og ting ein har bruk for, som foreldra mine har stua vekk fordi dei ikkje lenger har bruk for det.

I heimbygda mi har kyrkja starta ein stor bruktbutikk for eit par år sidan. Der har eg vore innom når eg har vore heime, men pga plassmangel har eg stua det inn i eit skap heime hos foreldra mine. Denne gongen har eg leita det fram igjen og no skal det få bli med heim!

Vasen, gryteklutane og brødkorga med fuglen på fann eg på bruktbutikken, medan det orange sausskinnet, den raude koppen og englebilete er minner frå min og mamma sin barndomsheim.

tirsdag 30. desember 2008

Greske kjøttboller med salat, dressing og pita..


Vi er utruleg heldige i dette landet, som kan ete oss gode og mette og kose oss skikkelig med mat, eigentlig både til kvardag og fest. Etter jula er vi ekstra proppa av god og kanskje litt tung julemat. Og mat må vi jo ha og då er det kjekt at den både er lettvint å lage og lett for magen. Her kjem ei oppskrift på ein slik rett (frå ei dame på gamlejobben min!); greske kjøttboller med pita og salat. Knallgodt, lettvindt og lett i magen!

Du treng:
1 pk kjøttdeig av svin
2 (eller 3) pk gresk dressing (pulver ein kjøper i 3 pk frå Knorr)
1 pk lettrømme
salt og pepper

isbergsalat
tomat
agurk
rødløk
fetaost
oliven

pitabrød

Bland 1 pk gresk dressingpulver med svinekjøttdeiga, ha i ca. ei ts salt, 1 ts pepper og lag små kjøttbollar. Vil du ha kjøttbollane sterkere, bland i 2 pakkar dressingpulver. Steik kjøttbollane på steikepanna.
Kutt opp salat, tomat og agurk og rødløk i ringar og ha fetaost og oliven over salaten. Bland 1 pk gresk dressingpulver i en pk rømme og la det stå ei lita stund i kjøleskapet før servering.

Varm pitabrøda og fyll dei med kjøttbollar, salat og dressing eller ha brødet ved sida av.

mandag 29. desember 2008

Årets julegaveidè..




I år har eg sydd puter med bilder på til fleire venner og familie. Prøvde å tilpasse fargevalg og stil slik at det skulle passe til den enkelte. Her er eit utvalg eg knipsa før eg pakka putene inn før jul.

Nygamle stoff...


Fann desse artige stoffa i ein bruktbutikk i heimbygda mi. Vi venter på ny sofa, som eg frykter blir veldig grå samanlikna med den blomstrete (sjå forige innlegg!)..sidan den faktisk er grå og ikkje blomstrete! Kanskje blir det nokre freske puter av desse stoffa som kan fiffe opp nysofaen litt?

mandag 8. desember 2008

Små glimt frå nyhuset vårt...










Ein fatastisk fin lampefot eg fann på den lokale bruktbutikken på ei lilla heklabrikke eg fekk frå svigermor, min mann sin store kjærleik (nest etter meg, håper eg!); denne alvorleg blomstrete sofaen frå 60/70- talet, bestemor og bestefar sin gamle skjenk, adventspynta og fin, eit Ikea- skap vi fekk av sovgeren og svigerinna er mala og har fått nye knottar frå Milla Boutique, til slutt; kjøkkendøra som eg har mala med tavlemaling og nokre gløtt inn på kjøkkenet slik det ser ut i dag (Beklager dårlege bilder, er aldri heime i dagslys!)