mandag 9. februar 2009

Glimt frå heimen...






Når ein driv å pussa opp og laga til eit heilt hus, kjem ting på plass litt etter kvart. Den siste veka har vi (les: husets handyman) reve ned tapet og spakla, pussa og mala gangen vår. Typisk 70- tallsgang med heile 9 (!!!) dører..ikkje det mest sjarmerande menmen.. Utfordringa er få ein slik gang koselig og ikkje berre mørk og trist. Reknar med at golvet blir lagt om ikkje så lenge også og då skal eg ta bilde av heile greia. Det einaste eg har fått opp er ein oppfiksa lampe eg fann heime i jula..furufoten har blitt kvit og skjermen kledd med eit av favorittstoffa mine for tida.

Eller nokre glimt frå ein nymåla trappekrakk som kjem svært godt med for rekke opp til dei øverste kjøkkenskapa, ein herleg tulipanbukett mamma fekk pappa til å kjøpe til ho til morsdagen, slik at ho kunne gi den videre til meg då dei måtte reise dagen etterpå. Då kunne ho kjøpe ein anna blomst til meg også, sidan den andre var til ho..lurt altså!

Eit lite kjøkkenbord bilde blei det og..med ny duk frå "Mitt rede", kasettspeleren eg fekk av farmor då eg var 7år og litt anna.

7 kommentarer:

Brigg sa...

Så fint! Masse fine blå detaljer:-) Spesielt herlig den lampen!!

PillePalle sa...

Hei!

Så flott lampen ble! Det er vel koselig inne hos deg synes jeg!

Ha en fortsatt deilig kveld! Hilsen fra Pillepalle

banglamarie sa...

Så koselig å se bilder fra heimen deres! Så mange flotte detaljer! :)

Tove sa...

Så masse fint:)

fru v sa...

Så koselig dere får det altså. Kjekt med eget hus, men oppussing.....tja vi er vel ganske møkk lei. og ferdig blir det jo aldri når man skal drive å produsere unger innimellom. Men kjekt å nyte det ferdige resultatet. Jeg digger den termosen din, hvor har du fått tak i den???

klem klem

Anonym sa...

Den krakken frå IKEA er kjempefin, vi har tre, og to av dei står utanfor døra om sommaren med blomster på. Mannen min nektar meg å kjøpe fleire, han seier at IKEA tek 99,- for den, men det kostar meir å få den montert. ;-)

Kardemomme sa...

Hei Åse Marit :)Takk for hilsen inne hos meg nå nettopp..Endelig har jeg fått laget et innlegg igjen..Så koselig å se bilder fra det nydelige hjemmet ditt!
Særlig likte jeg bildet med tulipanene på..Tulipaner minner om påske og vår..Fine babuschkaer også..
Bolig Liv kan du abbonere på nå..
Hvis du går inn på nettsiden www.boligliv.dk og titter på abbonement og kundeservice kan du bestille og betale med visa-kort..
Ha en fortsatt fin lørdag :)
Klem fra Kardemomme