tirsdag 27. januar 2009

Putefornying..


Heilt sidan ei god stund før vi fekk den store grå sofaen, har eg grubla på nokre nye puter til den. Sofaen er stor og grå og er veldig fornøgd med den, MEN den treng nok litt oppkvikking! Kjekt å sy puter, men veit aldri om eg blir skikkelig fornøgd før dei er ferdig sydde og det har gått nokre dagar.. Då kan eg enten finne ut at eg er kjempefornøgd, eller det motsatte.. Tok derfor litt tid før eg mota meg opp til å sette i gang:-)

Men no har eg altså sydd eitpar..og trur eg er fornøgd! Skal ta bilde av dei i sofaen ein dag eg er heime tidligere på dagen. Stoffa eg har brukt er mest frå bruktbutikkar og Fretex og ei bakside og ei lita stripe er frå Ikea.

mandag 26. januar 2009

Utfordring...

Eg har fått ei utfordring frå Maya`s loft! Den handlar om at ein skal legge ut bilde nr 6 fra starten av bloggen sin. Dette bildet er tatt då eg nettopp hadde vore på loppemarked og eg viste fram nokre av funna mine, så her kjem det;
Var litt artig å lese innlegget om korleis eg handla vasar utan å eigentleg ha plass på våre 40 kvadrat, men trøsta meg med at "ein vakker dag, kan det vere kjekt å ha!" Og jammen er den vakre dagen komen og vi har flytta i stort og herlig hus. Det skjedde både før og blei bedre enn eg drømte om.. Føler meg heldig!

Eg gir utfordringa vidare til 6 andre spreke bloggar:

Alvorada
Briggs lekehus
Kardemomme
Kaspara
I Veras hus
Nyte livet

Likte de utfordringa, så leit fram bilde nr 6!

lørdag 24. januar 2009

Matrushka eller babushka i eit tre...


Såg idèen om å male på vattkuler til små matrushka-er i ei utgåve av "Kreative kvinner". Har så mange vasar eg liker å pynte med og då er det kjekt å ha noko oppi dei som kan stå uendeleg leeenge utan å visne:-)

Her har matrushka- ene inntatt ei trollhasselgrein i ein av favoritt loppisvasane mine.

Søskenbarnet mitt som var i Russland for ikkje så lenge sidan, fortalte at dei dukkene eigentleg heiter matrushka og at babushka, som eg kallte dei, eigentleg betyr bestemor. Uansett matrushka eller babushka, artige ord og artige dukker!!

fredag 16. januar 2009

"Databordet" i stua...


Det er så kjekt no som stua begynner å bli slik vi vil ha den! No begynner ting verkeleg å kome på plass her og det er godt for utålmodige meg:-)

Er lei av å ha pc-en på stuebord, i sofa, på golvet osv, så no har eg rigga til eit bord i stua til den bærbare pcen. Målet var at det skulle vere praktisk, til betaling av rekningar og slikt, utan å sjå ut som eit kontor. Det gamle bordet brukte oldemora og oldefaren min, stolen er frå svigermor, lampen frå ein bruktbutikk, det oransje saueskinnet frå bestemor og tavla er korketavle trekt med stoff frå eit Fretex- putevar (uopna pakke, så utan sikkel frå 70- talet;-) ).

Er godt fornøgd med denne fargeklatten i stua!