lørdag 21. februar 2009

Syprosjekt og basseluskar...




Eg er stadig innom bloggen til ei svært kreativ dame. Ho er ein kløppar til mellom anna å sy og på Hobbyrommet hennar er masse inspirasjon å hente. Har beundra dei søte forklekjolane som ho tryllar fram og har lenge hatt lyst til å prøve meg på noko slikt! Oppskrifta hadde ho funne på bloggen Ohlene syr og der var både forklaring og teikningar som var greie å forstå for ufaglærte som meg. Kjolen kan vrengast og brukast på begge sider.

Ellers har ein gjeng basseluskar inntatt kroppen min og gjer at mesteparten av helga nok blir tilbrakt på sofaen. Skulle eigentleg avgårde å passe skjønne nevøar, men sendte den snille og flinke mannen min i staden.

Riktig god helg til alle dokke der ute!

mandag 9. februar 2009

Glimt frå heimen...






Når ein driv å pussa opp og laga til eit heilt hus, kjem ting på plass litt etter kvart. Den siste veka har vi (les: husets handyman) reve ned tapet og spakla, pussa og mala gangen vår. Typisk 70- tallsgang med heile 9 (!!!) dører..ikkje det mest sjarmerande menmen.. Utfordringa er få ein slik gang koselig og ikkje berre mørk og trist. Reknar med at golvet blir lagt om ikkje så lenge også og då skal eg ta bilde av heile greia. Det einaste eg har fått opp er ein oppfiksa lampe eg fann heime i jula..furufoten har blitt kvit og skjermen kledd med eit av favorittstoffa mine for tida.

Eller nokre glimt frå ein nymåla trappekrakk som kjem svært godt med for rekke opp til dei øverste kjøkkenskapa, ein herleg tulipanbukett mamma fekk pappa til å kjøpe til ho til morsdagen, slik at ho kunne gi den videre til meg då dei måtte reise dagen etterpå. Då kunne ho kjøpe ein anna blomst til meg også, sidan den andre var til ho..lurt altså!

Eit lite kjøkkenbord bilde blei det og..med ny duk frå "Mitt rede", kasettspeleren eg fekk av farmor då eg var 7år og litt anna.

mandag 2. februar 2009

Ein oppkvikka sofa...



Bilde av nysofaen med dei to nysydde putene oppi! Ikkje det beste bildet, men ein får eit visst inntrykk. Puta lengst til venstre på det nederste bildet er frå Ikea og heklaputa fann eg i barndomsheimen min, spretta av heklastykket og sydde det på knallrosa bakstykke.

Bordet kjøpte vi på Fretex i helga for under 200- lappen! Var noko slikt eg var på jakt etter og med dette lange bordet får vi verkeleg utnytta den store sofaen vår maksimalt. Plass til masse besøk med masse mat på bordet, jippi! Kjekt å bryte opp det kvite og grå med gyllen 70- tallstre synest eg. Vi har dessutan den typen tre på dører og gardinstenger også. Ekte 70- tall, i like it:-)

Kjenner på meg at det blir eitpar puter til i sofaen om ikkje så lenge! Treng berre ein god idè!! Tips mottas med tusenTAKK:-)