mandag 23. mars 2009

På jakt etter vårteikn...






Det er herleg no når våren begynner å kome og den "nye" hagen vår kjem med koselege små overraskelsar. No er det snøklokker og krokus som har dukka opp og dei er jo så fiiiine!

Fann desse herleg vårlege eggeglasa på Ålhens og kunne ikkje motstå fristelsen..var dei ikkje søte?!

Ha ei god vårleg veke alle sammen!

fredag 6. mars 2009

Gyngestol og fargerike kjøkkenstolar...


Her i huset har det vore både vinterferie og influensa og det har ikkje blitt den heilt store blogginga. Men no fekk eg lyst til å legge ut eitpar bilder igjen..

Svigermor har rydda på loftet og ville gjerne bli kvittt denne flotte gyngestolen. Så no er den plassert framfor vedovnen i stua. Deilig å sitte der å gynge med ein tekopp og ei god bok. Får sjå om eg finn på å male den ein vakker dag, men foreløbig skal den få vere som den er.

Var innom bruktbutikken og fann eitpar nye kjøkkenstolar også. Dei to gule og krakken har vi fått frå svigermor og svigerfar, og så fann eg den lyseblå og raude her om dagen. Kjøkkenbordet har min flinke farfar, som eg dessverre aldri fekk møte, laga. Spesielt koseleg sidan han har laga det synest eg!