søndag 26. april 2009

Tips til ein smal, kvit gang?!




No er golvet i gangen ferdiglagt og det blei betydeleg lysere og lettere etter at det brune 70- talls golvbelegget forsvann. Nye, lyse veggar utan gulna tapet gjorde også sitt og no er det berre siste finishen igjen.

Gangen har, som nemt tidlegare heile NI dører og ikkje mykje veggplass. Har hengt opp eit speil, ein lampe med heimesnekra skjerm og to bilder med fargerike rammer på den eine veggen. Digger bilkortet med austeuropeiske bilar i herlege fargar, kjøpt på Ikea for fleire år sidan.

No står den andre veggen for tur og eg tek meir enn gjerne imot tips! Trur ikkje eg vil ha noko ståande på golvet, i så fall må det vere noko veldig smalt inntil veggen..Treng noko som gir gangen farge og piffer den opp litt!..eller gjerne veldig!

onsdag 15. april 2009

Heldige meg!!






Eg har hatt bursdag!! 29 år 14. april. Hadde ein kjekk dag og fekk så mange fiiiine ting!!!

Min gode mann slo til med blant anna denne fantastiske lykta frå Rice. Søstra mi fall for Blafreboksane, utan å vite om min fasinasjon og ellers fekk eg både rosebukett, Ingrid Olave- cd og lekre koppar, glass og deilige heimestrikka pulsvarmarar og mykje anna fint og praktisk.

Hadde ein veldig koselig dag med jamt med kvitveis frå elevane i frimenutta og selskap med venninner på kvelden. God stemning og veldig koselig!