fredag 29. mai 2009

Biltema...


Sjølv om mannen min som regel ikkje har noko å seie på mine meir eller mindre vellukka idèar sånn interiørmessig, prøver eg ein gong i blant å finne noko som verkeleg er etter hans smak...samtidig som eg går god for det sjølv:-) (Kanskje ein måte for å få betre samvittighet for alt det andre eg dreg i hus?!)

Sidan mannen min er over middels bilglad, pregar bilar i ulike variantar og frå ulike tider veggane heime hos oss.

Stort bilbilde frå Kremmerhuset, wallsticker frå Wallcompany, lite bilbilete frå Ikea og bilbursdagskort frå BigFish (beklager uklart bilde!).

Berre sjokoladekake???!!


Det kunne vore slik at denne kulen på magen min berre var eit resultat av stooore mengder sjokoladekake...

MEN heldigvis er det ikkje slik!

Der inne i magen min turner det faktisk rundt ein sprell levande liten babygutt!!!

Dei siste månedane har vore spennande, annleis, litt kvalme(!), fulle av forventning og litt frykt, med heile tida ei vaksande kjensle av at det er eit lite, eineståande liv som veks inne i meg! Fantastisk!

Vi har fått sett den vesle guten vår på ultralyd der han turna rundt, krølla seg saman og gjorde det vanskeleg for den stakkars jormora å få tatt dei bileta og målingane ho skulle. Der var veldig spesielt å sjå hender, føter, eit bankande hjerte og den lille mini- babyen som styra på der inne. Vi er takknemlege og glade fordi alt såg bra ut og eg kjenner at eg gler meg meir enn nokon gong til å møte dette lille underet!

mandag 18. mai 2009

Ei fantastisk bestemor har flytta til himmelen...


Her er eit innlegg som ikkje passar til bloggtittelen, men det er viktig for meg å lage det likevel...

På sjølvaste 17. mai, medan sola skein og norske flagg vaia over heile landet vårt, sovna bestemora mi inn. Ho vart 91 år gammal. Ho har vore den beste bestemora ein kan tenke seg; full av omsorg, interessert og oppdatert i alt vi har drive med og med ein herleg humor! Ho har laga uendeleg mykje god mat til oss og delt ut fleire klemmar enn nokon andre eg veit om.

Eg har fått namnet mitt etter henne, alle dei tusenvis av fregnene mine og den til tider plagsommt lange storetåa mi og min store fot etter henne. Vårt felles "tå/fot- problem" har vore til felles irritasjon, men vi har minst like ofte vi fått oss ein god latter under desse tå/fotsamtalane. Bestemor hadde alltid så lett for å le og sjå det morosame i ting!

Bestemor snakka alltid om det å dø, som å flytte. Ho var heilt overbevist om at ho skulle " heim til Jesus og til himmelen" når livet hennar her på jorda var slutt. Eg veit ho spesielt dei siste åra, har gleda seg til dette. Eg er glad for at eg har den samme trua som henne. Sjølv om eg kjem til å sakne henne noko veldig, har eg fantastisk mange gode minner og ei tru på at eg får møte henne igjen i himmelen ein dag!

Synest dette bildet av henne er så herleg! Det er tatt for eit år sidan.

torsdag 14. mai 2009

Fylt focaccia...mmm!


Etter ei tid der lite mat frista, har eg no fått matlysta tilbake for fullt og det merkast også her på bloggen. Blei jammen fleire matinnlegg etter kvarandre!

Veit ikkje om fleire kjenner til følelsen av å gå rundt å ha lyst på noko godt?! For min del fører dette som regel til gjennomlesing av kokebøker og utallige søk på nettet for å finne det rette, for så å setje i gang med kokkeleringa på kjøkkenet. Eg er kanskje over middels glad i å lage mat også og det passer i grunn bra sidan vi bor i ei bygd som ikkje akkurat er noko take- away- eldorado. Her får du lage maten din sjølv, om det er kinamat, pizza eller italiensk!

Var uendeleg lenge sidan eg hadde oppvarta min kjære mann med eit herleg måltid, samtidig som eg sjølv ikkje var framand for noko godt til middag/kvelds i helga som var. Det blei fylt focaccia, tomatsalat, tzatziki med oliven, fetaost, avokado og soltørka tomat til. Laga litt hemmelighetskremmerier og mannen i huset satt med lukka auge og berre sniffa inn lukta av det varme focacciabrødet, medan eg dekka bordet framfor han. Kjekt å lage mat, kjekt å overraske og ekstra kjekt når alt blir sett stor pris på:-)

Som de ser rakk eg ikkje ta bilete, før "nokon" sette tennene i den eine biten med focacciabrød..(Eg, eit matvrak??!! Neeeiiida:-) )

Brukte spekeskinke i staden for skinkebiff og soltørka tomatar i fyllet. Så hakka eg litt frisk basillikum og hadde på toppen av brødet i tillegg til saltet. Ellers brukte eg oppskriftene som eg fann på matprat.no

Hørtes dette fristande ut, finn du oppskriftene her:

mandag 11. mai 2009

Loppisskåler og thaisuppe...



Fann desse herlige skålene på eit loppemarked rett i nærleiken. Har eit kakefat med samme mønster så då var det ekstra kjekt!

I dag fekk eg lyst og prøve noko nytt til middag. Tok opp kyllingfilet frå frysen og gjekk i gang med å søke etter oppskrifter på nettet. Ville ha noko som var kjapt og greit å lage og landa på ei thaisuppe eg ikkje hadde prøvd før. Og jammen skal eg lage den igjen! Kjempegod og lettvint, rett og slett!!


Chiang Mei nudelsuppe

Ingredienser

4 stk kyllingfilet

6 dl kokosmelk
ca. 1 ss rød karripasta (styrken varierer)
1 ss gurkemeie
6 dl hønsebuljong (utblandet)
saften av 1 stk lime
4 ss fiskesaus (asiatisk)
1 ss soyasaus
ca. 100 g nudler

Til Pynt:
1 stk finsnittet vårløk
1 stk rød chili i tynne ringer
2 stk finstrimlede kaffirlimeblader (kan sløyfes)

Fremgangsmåte

Skjær kyllingfiletene i passe store stykker.

Hell 2 dl av kokosmelken i en kjele og la det boblekoke til det skiller seg.

Rør inn karripasta og gurkemeie. La det frese noen minutter.

Tilsett kyllingbitene.Vend dem godt i pastaen mens de stekes.

Hell i resten av kokosmelken og spe med hønsebuljong.

Press over limesaft. Smak til med fiskesaus og soyasaus.

Fordel nykokte nudler og kyllingbiter i dype suppetallerkener og

hell suppen over.

Dryss vårløk, chilipepper og kaffirlimeblader over hver suppeskål

før servering.

Tips:
Styrken på karripasta varierer fra merke til merke. Det er derfor lurt å prøve

seg litt frem med mengden.


Eg hadde i litt paprika og gulrot også, for å få med litt grønsaker.

Oppskrifta er frå www.egg.no. Kan anbefalast!!