onsdag 26. august 2009

Bukser til ein liten...






Har sydd nokre bukser til bebisen. Veldig artig å sy slike små klede!

Den lille elefantbuksa med føter og strikk i livet kan han sikkert bruke ganske med ein gong, medan dei to andre er litt større. Har brukt ribb i beina på sparkebuksa og ribb som ein kan brette dobbelt i livet på den lyseblå buksa.

Har brukt syboka Børnetøj 0- 3 år og eit mønster frå Stoff og stil til sparkebuksa. Der må eg innrømme at eg ein sein og litt irritert kveld, sydde buksa att i innersaumen i staden for å lage til trykknappar. Klarte ikkje å forstå kva dei meinte i sybeskrivelsen og trøtt og lei som eg var droppa eg heile greia..:-) Får prøve igjen ein gong eg er litt meir våken og opplagt!

Ellers skin sola på Vestlandet og eg kjenner at føtene mine fyller heile Crocs`a;-) Får gå og legge beina høgt ei stund:-)

Ønsker alle ein herlig onsdag!

mandag 17. august 2009

Vårt vesle under...

Første sida i albumet klart! Han låg uroleg slik at bilda vart såpass utydelege at vi fekk dei gratis.. Betre bilder følger forhåpentlegvis om ca to månedar:-)Inne i den runde tekstboksen har eg skrive tekst, men sensurert det for anledninga.

Eg har fleire gonger før sett bilder frå ultralyd og lurt på kva som er opp og ned og i det heile tatt kvar babyen er! Og sjølv om vi trengte litt forklaring når det gjaldt vårt vesle under også, blei eg forunderleg fasinert over å få sjå korleis han herja på der inne, korleis vi kunne sjå dei ulike organa i funksjon og i det heile tatt at det var ein baby der inne og at det faktisk var VÅR! Ei spesiell oppleving.

No, tre månedar seinare, når han sparkar meg så hardt at eg rykker til eller hikker så magen min gjer små hopp, er det heile blitt meir verkeleg. Eg har nettopp gitt meg sjølv lov til å sjå litt på babyklede i butikkane og kjenner at no når nokre små plagg er komne i hus, kan ventetida bli skrekkelig lang.. Eg gleeeeder meg sånn til å møte han, holde han, kose med han og passe på at han har det bra!!

torsdag 13. august 2009

Nymala kjøkken!






Vi har vore så heldige og hatt mamma og pappa her på besøk i sommer. Dei gav tidleg beskjed om at vi måtte ha eit prosjekt klart, slik at dei kunne få hjelpe oss litt! Prosjekt er det nok av her i huset og det heldige utvalgte rommet var; kjøkkenet!!

Mannfolka skrudde ned skap- og skuffedører, medan mamma, søstera mi og eg plukka ut av skapa, vaska og gjorde klart. Kjøkkeninnredninga er mala med fargen "Ben" som er ein kjempelys grå (med Sens- maling, for babyen si skuld!), veggane med kvitkvit og så kunne eg ikkje la vere å velge den lyse turkise ynlingsfargen min på det store kjøkkenskapet. Ny knottar og handtak handla vi på Clas Ohlson.

Pappa var så snill å male "bestemor-stolen" som mamma brukte då ho gjekk gravid, i den same herlege turkisfargen som skapet, og med ei tjukk pute vart den skikkelig god å sitte i med det skrale bekkenet mitt.

Kjøkkeninnredninga, som tidlegare var i svært gulna furu, vart så lyst og lett at det er ei fryd for auge, synest vi! Kjempefornøgd med andre ord!

Er kjempetakknemlig til mamma og pappa for hjelpa og koselig besøk!

tirsdag 11. august 2009

Sparkedress til bebisen...


Mamma har hjelpt med å sy denne lille sparkedressen til bebisen!

Det er første gong eg har prøvd å sy etter mønster og under god veiledning gjekk det ikkje så verst:-) Eg brukte den nye syboka mi; Børnetøy 0- 3 år og stoffet er kjøpt på Stoff og stil. Den er sydd i str 68 så han må nok bli litt større før han kan bruke denne.

Målet no, er å prøve å sy fleire små klede på eigenhand. Vi får sjå korleis det går!