fredag 24. september 2010

Lille A goes rangi- changi..


Rangi- changi (nepali) blir brukt om ting om har mange fargar og er eit av dei artigaste orda eg veit om. Eit ord som høyrest ut som det det er!

Akkurat no vadrar det ein temmelig rangi- changi- baby rundt i stua her. Etter inspirasjon frå ei fantastisk kul bukse lille A fekk då han blei født, har eg sydd ei elefatnbukse i samme stilen til han. Herlig sagging, mjuk og behagelig slik at den vesle klatreren vår lett kan kome seg opp i både vinduskarmar og bokhyller utan å bli hindra av ei stram bukse.. Strikkajakka er mi gamle (ca 30 årgamle...)

Tipper han synes eg er sånn passe teit når han i konfirmasjonsalderen ser seg sjølv på bilder og stønner "Mamma, seeeeriøøøst??!", men det får heller stå si prøve. Synest han er søt eg, den lille fargeklatten min!

No skal vi avgårde på husmorferie, juhuu!!

onsdag 15. september 2010

Stolfornying






Då vi var nyinnflytta og medan vi venta på bestilt sofa, hadde vi ein svært fargerik sofa i stua. I tidlegare innlegg har eg omtala den som: "min mann si store kjærleik, forhåpentlegvis etter meg!". Madrassa til sofaen blei brukt til å sole seg på i fjor sommer og vips så hadde ein katt også tatt den bruk og vips så lukta den kattepiss..ikkje særleg lekkert!

Men putene til den blomstrete herligheta var godt bevart i kjelleren og sjølv om eg syntes at sofaen var litt vel voldsom, synest eg faktisk at stoffet er riktig så festlig i små porsjonar. No har ein kvitmala pinnestol fått gammalt blomstrete sofastoff på sete! Bytta ut "gravidstolen" som har vore veldig god å ha på kjøkkenet, men den nyoppfriska pinnestolen. Gravidstolen har fått seg ny pute av ei loppisgardin og kome seg inn på stua. Kjekt med litt enkel fornying!

fredag 10. september 2010

Gammalt lampenytt


Endeleg fekk eg fiksa opp den gamle lampeskjermen eg kjøpte på ein bruktbutikk for litt sidan. Stoffet er frå fjorårests Københavntur og har berre ligge å venta på det rette prosjektet. Lampefoten er ein eg har kjøpt på loppemarked for mala for lenge sidan. Synes dei funka fint ilag eg!

Puta er ei omsydd gardin. Likte stoffet så godt!

God helg til dokke alle!

tirsdag 7. september 2010

Eplekjekken





Var noko litt bondeaktig over Amandusen her synes eg- finingen!


Til bursdagen fekk pappa`n i huset to epletre av sine svigerforeldre. Det eine treet har det kome fleire fine, raude epler på allereie! Mulig det er normalt, sjølv om vi nettopp har planta det, men kjekt er det i alle fall. I helga kjørte vi sesongvarer i matveien. Fårikål til middag og deilig eplepai med epler frå eigen hage til kaffemat. Reine fruktbøndene å rekne! Kjempefornøgd.

Veslebonden var sjølvsagt med han og, for å kvalitetsikre!

Oppskrifta på eplepaien er både enkel og veldig god:

100 g smelta marg
1 dl sukker
1 dl kveitemjøl
2 dl havregryn

Bland sammen og ha det over epler i båter strødd med litt sukker og kanel. Funker veldig bra å ha over blåbær også. Steik på 180 grader i ca 15-20 min. Deilig med vaniljeis til..mmmm!

mandag 6. september 2010

Soverom underveis..



Eg er underveis med å fornye soverommet!

Sengegavel (sponplate trukke med vatt og stoff) og bildelist frå Ikea har kome opp, nytt lyst sengesett er kjøpt inn på salg og sengeteppe er under produksjon. Tanken er at eg skal sy stripa med lappar på eit stort kvitt sengeteppe, så blir det lyst og lett samtidig som eg får inn litt farge. Nye (gamle!) nattbord og nye knottar til skapa skal også på plass før eg er heilt ferdig. Bilde av det ferdige resultatet og litt detaljar kjem etter kvart!

Ha ei god veke!

lørdag 4. september 2010

Smekker lekker


Vi snakker altså om smekker her! Og om det å vere lekker i smekker.. Oki, nok om det.

I vår fekk lille A to skikkelig lekre smekker av flinke K med den fine bloggen Hobbyrommet. Der har eg henta mykje inspirasjon og idèar til syprosjekt så ta deg ein tur inn og sjå!

Eg er i gang med eit aldri så lite sengeteppeprosjekt, så då blir det litt stoffrestar her og der. Med K sin lure måte å lage smekker på får ein brukt opp slike restar og det er jo alltid kjekt! Størrelsen på K sine smekker passer veldig bra, så eg har brukt den som mal. Det blei ei smekke til ei lita bursdagsprinsesse denne gongen. Fleire av lille A sine små venner blir eitt år snart, så ser ikkje bort ifrå at det blir fleire slike. Artige å sy var dei og!