fredag 31. desember 2010

Godt nytt år!!




2010 er snart forbi og vi er takknemlige for det gode året vi har hatt. Stjerna i året som gjekk var sjølvsagt herlige Amandus`en vår! Tipper i grunn han går av seieren som stjerne for 2011 også:) Med denne hjerteknuseren vil eg ønske dykk alt godt for det nye året!
Posted by Picasa

fredag 10. desember 2010

NAM! Sarah Bernard og snø...

Sarah Bernard


Amandus ute i snøen og leika og et snø for første gong..:)

"NAM!" er for tida husets mest sagte ord. Etter eittårsdagen har Aamandus fått smaken på "nam" og trur det meste han møter på sin vei er noke herleg etande:) Ein fargerik knott, ei dame i køa sine knallraude lakka neglar og utsikta ut vinduet ein morgon vi våkna og alt var kvitt. "NAM!" ropte han då og peika ut. Veit ikkje om det er assosiasjonar til isen han fekk smake på syden eller kva, men då vi gjekk ut for å ake og herje i snøen la han seg rett ned og begynte å sleike i seg snø. Det er vel eigentleg slik dei fleste ungar gjer, men då han la seg ned for å ete snøen i gangen etter at vi var komen inn igjen, satt mora foten ned..usj!

For to år sidan kom eg over ei oppskrift på Sarah Bernard på bloggen Livet er heeerlig. Her snakkar vi NAM på høgt nivå etter mi meining. Dei er mektige, men fantastisk gode! Det er vel ei sånn "kake" som folk kanskje seier at det er nok med ei, medan eg kanskje synest tre er passelig:) Oppskrifta finn du her.

Eg leita litt for å finne att oppskrifta og kom over fleire andre variantar og då blei resultatet ei blanding. I staden for å blande kransekakemassen ut med eggekvite og lage toppar, kjevla eg den berre ut i ca 1 cm tjukkelse og trykte dei ut med ei lita form og spruta kremen på med ei kakesprøyte. Var effektivt og greit. Kan vere lurt og sette dei i kjøleskapet litt etter at kremen er spruta på og la sjokoladen avkjøle seg litt, slik at ikkje kremen smeltar. Lykke til om du vil prøve!

God helg!

mandag 6. desember 2010

Ekte englar har rødt hår og adventsneglar!

Visste du at ekte englar har rødt hår?! Det veit eg..og det gjer sikkert alle andre med rødt hår der ute også:) Eg samlar på desse ekte, men heller litt sjeldne englane.

I forrige veke var Amandus og eg på besøk hos ei venninne av meg og den skjønne eittåringen hennar. Medan småttisane sov, fekk eg ein aldri så liten nail- make- over av ei profesjonell. Resultat: Adventsneglar!

Fortsatt god adventid!

lørdag 4. desember 2010

Adventspynt...


Det er vel egentlig på grensa til frekt å publisere slike solfylte bilder som eg gjorde i forrige innlegg. Tok meg ei lita veke tilbake i kulden å innsjå det:) Det er vel meir på sin plass med litt adventspynt!

I dag forsvann dagslyset for meg før eg fekk tatt bilder, men viser fram nokre "papir- kuler" eg laga for litt sidan. Lette og raske å lage og dekorative der dei heng høgt oppe i vindauget slik at Amandus ikkje får tak i dei:) Han er i alle fall tydelig begeistra, spesielt når lufta frå varmepumpa får "kulene" til å snurre. "Ååååh" seier han og måper og peiker, skjønningen!

Duken er frå bruktbutikken og vasen frå Rice.
Posted by Picasa