lørdag 29. januar 2011

"Smular er også brød"...




"Smular er også brød" sa bestemor ofte og åt opp smulane på tallerkenen sin. Vesleguten lever etter samme prinsippet og et sine eigne eller andre sine smular og restar så fort han får sjansen. Trur ikkje det er oldemora si nøysomhet han har arva, han er berre veldig matglad han:-)

Olivenbollane frå Kaspara sin blogg er ei oppskrift eg trur mange har testa ut og fått smaken på, og det med god grunn! Herlige er dei, perfekt lørdagskos med tzasiki, kjøttboller i tomatsaus og gresk salat til. Her blir det lite smular igjen for å sei det sånn:)

torsdag 20. januar 2011

Gult er...fint!



Baksida



Det blir lite blogging og kreative innslag her i huset for tida. Full jobb, barnehagetilvenning og medfølgande basseluskar gjer at det er lite tid og overskudd igjen til resten.

Har likevel pusla litt innimellom og laga nokre innslag av gult og litt brunt i stua vår. Har plukka vekk nokre andre fargar, men ser at lilla og turkis må få lov å vere her ei stund til. Klarer liksom ikkje heilt å tone det ned eg. Har fått sydd trekk til ei kjempepute (lys med svarte prikkar) frå Stoff og stil også. Veldig kjekk å ha på golvet både for store og han lille.

Hadde behov for noko nytt i tallerenhylla og mekka eit mini scrapbookingbilde. Holdt mykje på med det tidlegare og det var skikkeleg kjekt å leike seg litt med scrapbooking igjen! Den observante sjåar ser kanskje at ein liten stoffrest frå puta fekk vere med i bildet.

No gler vi oss til helga og bestemorbesøk!

søndag 2. januar 2011

Små romjulsfunn og drømmen om det enkle..

Fann denne fantastisk fine "Mode album, høst- vinter 1951- 1952" på Gjenbruken. Skikkelig fint holdt hefte, med kjempeartige bilder av fjonge damer med mikroskopiske midjer. Mamma kjente igjen fleire av bestemor sine drakter som ho fekk sydd etter krigen. I bakgrunnen ligg bestemor sitt "omstenighetsforkle" (=mammabluse), eit stoff eg fann på kottet heime og mamma sitt knøttlille, korte skjørt som ho brukte som tenåring.

Kanskje er det ein liten overdose av julerødt, gull og glitter som fører til at behovet for det enkle og meir nedtona melder seg. Eg er stadig innom bloggar og beundrer heimar med mykje mindre farge enn det er hos oss. Eg kan nesten ikkje sjå meg mett på blogger som Moa og kaffekoppen. Nyydelige bilder og fantastiske samansetningar. Eg drømmer litt om å ha det slik, men innser at eg er for glad i fargar til å kjøre løpet heilt ut. Då er det fint at det er lov å mikse og trikse og plukke litt herfra og derfra. Trur eg er klar for litt meir grått, natur og ein tanke gult i heimen no i januar. Blir nok ikkje dei heilt store krumspringa på blog- og interiørfronten på grunn av den nye jobben og barnehageoppstarten til vesleguten, men nokre småting håper eg å få til.

Nyt den andre dagen i januar 2011! Det skal eg:)

Nytt år, nye utfordringar og gamle ting..






Frå Botanik for Middelskolen, funne på "Gjenbruken".

Det er godt å tenke på det nye året som ligg framfor oss. Eg trur det blir eit godt år. For vår lille familie blir nok oppstarten av 2011 ein smule hektisk med oppstart i barnehage for vesleguten og ny jobb på mamma`n. Spennande blir det og vi håper og trur at det blir kjekt for oss begge to. Håper at den tida vi får ilag kan vere kvalitetstid, at vi klarer å unngå (i alle fall store mengder av) tidsklemma, at vi klarer å prioritere rett i forhold til korleis vi bruker tida vår. Kanskje litt ambisiøst, men det er viktig å sette seg mål.

I tillegg suser orda "kjøpe mindre", "bruke det ein har", "vere fornøgd med det ein har..og takknemlig" rundt i hovudet mitt. Eg får mykje inspirasjon her i blogglandia og er ekstra glad for å bli inspirert i rett retning på dette området. Det vil eg bli bedre på i 2011!

Posted by Picasa