lørdag 10. september 2011

Barnerom...





Det blei visst ein litt vel lang pause dette her! Har ikkje brukt mykje tid på blogging og data generelt, i det siste, og har tenkt på å gi meg med blogginga. Det er ikkje det at interessen har avtatt, heller det at tida ikkje strekk til. Eg har begynt eit nytt skuleår med full jobb i ei førsteklasse. Med full aktivitet på heimebane i tillegg blir det nok ikkje så tett mellom innlegga framover.  Ser det an litt etter kvart om eg gir meg heilt eller ikkje.


Når det er sagt så vil eg vise nokre bilder frå minien sitt rom. Har fått opp to "nye" lampar der inne. Kulelampen er kjøpt på bruktbutikken i heimbygda mi for 50 kr. Taklampen hang i huset vårt då vi kjøpte det og etter ein idè frå Rom123 har den fått trekuler i ulike fargar på ledninga og grønmala ring rundt skjermen. Blei skikkeleg fornøgd om eg skal seie det sjølv :-) . No er det ein bildevegg som er planen. Satser på å få den i havn før jul ;-) !

Fortsatt god helg til deg som er innom!