tirsdag 3. november 2009
Endeleg kom han!
Då er ventetida endeleg forbi og eg sitt med verdas skjønnaste vesle gut i armane. Født 29.10.09, kl 0524, 4160 g og 52 cm.
Han har fått namnet Amandus, etter min farfar som eg desverre aldri fekk møte. No går det i byssing, bleieskift og amming her i huset og vi gjer vårt beste for å finne ut korleis vi kan gjere det beste for denne lille karen.
Mulig det blir litt lite interiør - og hobbyblogging i nærmaste framtid, men får heller kome sterkere tilbake når ting har gått seg litt til her. Takk for oppmuntrande ord og kommentarar den siste lange ventetida!
fredag 16. oktober 2009
Lita seng...
Denne vesle senga kjem frå svigermor og svigerfar. Mannen min og brødrene hans brukte den då dei var små, så det er ekstra koseleg synest eg. Det er sprinkler som kan settast på no som senga er på sitt minste og så kan den skyvast ut til å bli omtrent dobbelt så lang.
No har senga fått seg nokre strøk babyvenleg Sens- maling og står klar til han som framleis nyt livet inne i magen min. Virker som eg er meir klar enn han, til vårt første møte. Tre dagar att til termin og eg må nok smøre meg med endå litt tålmod virker det som.
Svææær, spent, forventningsfull, utålmodig, glad og trist (om kvarandre heile tida!), nervøs og konstant godtesjuk er ord som beskriv meg godt for tida.
Teppet på enden er krabbeteppet eg sydde i vår som endeleg er heilt ferdig!
Riktig god hausthelg til dykk alle!
mandag 28. september 2009
Ensom elefant...
Ein nysydd elefant ventar på ein liten venn på eit nyoppussa rom..
I sommer hadde vi besøk av ein sjarmerande liten kar på 2 og eit halvt år og dei kjekke foreldra hans. Guten vart så glad i elefanten eg hadde sydd til bebisen og då han skulle reise fekk han den med seg heim til Oslo. No har eg sydd ein ny elefant som skal få lov å bli her i huset!
Den flinke handymannen min vart ferdig med babyrommet på laurdag. Listene manglar enno, men står nymala i kjelleren og kjem opp så fort dei er tørre.
Etter lange tider med søking på nettet og leiting etter barnetapet som ikkje var for nusselig, vendte eg stadig tilbake til tapeten Rush Hour. Saknar fleire variantar tapet for barn som ikkje består av teikeseriefigurar, duse pastellar o.l. Tre av veggane er tapetsert med fiberduk og mala med kvitfargen Ben (med ein nyanse grått) medan endeveggen med vindu på fekk Rush Hour- tapet. Synest resultatetet blei veldig fint og gler med til å begynne å lage til litt der inne.
Det blir nok ikkje noko typisk pastell-babyrom sidan eg er så glad i fargar.. Trur eg har bestemt med for å gå for blå, turkis og grønfargar og alle nyansar mellom dei. Skal prøve å ikkje ta heilt av..:-)
Sjølv om vesleguten skal få sove inne hos oss i laaange tider, er det veldig kjekt å ha eit babyrom til alt babystæsjet og babykleda som har samla seg her i heimen. Kjem nok til å innrede rommet sånn litt etter kvart. Tenkte å sjå meg om etter ein liten kommode som eg kan pusse opp og så har eg ståande mamma si gamle tallerkenhylle, som eg ikkje har funne plass til enda. Kanskje den finn vegen opp frå kjelleren og inn på babyrommet etter kvart?
Tek sjølvsagt imot tips og forslag til korleis innrede barnerom praktisk og fint eller gode linkar til inspirasjon!
tirsdag 22. september 2009
Litt av kvart...
Eg har laga meg ei liste med ting eg kan/ burde gjere før babyen kjem. Heldigvis er dei aller fleste babytinga er i boks. Lista er laga i tilfelle eg skulle begynne å kjede meg og så liker eg å få idèane ned på papiret slik at eg slepp å gå rundt å huske på alt mulig. Har fått litt strenge beskjedar både frå mannen min og mamma om å ikkje ta alle prosjekt på ein gong..alt er tyngre no, eg søv dårleg om natta med den store magen og blodtrykket har stige, så prøver å ha litt roligere dagar. Det gjeld å finne kjekke ting å gjere, men likevel ikkje bli for ivrig!
Litt sying har det likevel blitt! Ein undertøyspose til f.eks å ha i kofferten når ein er på tur slik at ikkje undertøyet flyt rundt, og ein skopose til finskoa. Posane er tenkt som julegåve.
Har også sydd ei lita joggebukse i str. 68. Det grøne stoffet er herleg mjukt og elastisk så eg trur denne skal bli veldig behageleg for knøttet. Veldig artig å sy slike små klede!
Dei to siste bileta er frå nokre av dei nye putene i stua. Hadde eit lite raid og sydde nye putetrekk for eitpar veker sidan, så no er det overvekt av orange og blågrønt her ei stund framover.
tirsdag 8. september 2009
Ein puff blir ny..
Kjøpte denne puffen på "Gjenbruken" for ei stund sidan. Er nok litt over middels begeistra for småmøblar og spesielt puffar. Det skal liksom så lite til før dei får ny look og så er det jo SÅ praktisk; ein kan både bruke dei til lagring OG til å sitte på om det skulle trengast! Genialt! Så langt har eg dradd i hus tre gamle puffar, og trur ikkje dette blir den siste heller:-)
Det siste bildet er før- bildet og så har den fått seg to strøk med maling og lokket har eg trukke med eit av ynlingsstoffa mine (gammal duk funne på Fretex).
Fekk ikkje tatt utebilde av den ferdige puffen, pga det sidelengs regnet og stormen som herjar på ute! Skikkeleg hauststemining.
onsdag 26. august 2009
Bukser til ein liten...
Har sydd nokre bukser til bebisen. Veldig artig å sy slike små klede!
Den lille elefantbuksa med føter og strikk i livet kan han sikkert bruke ganske med ein gong, medan dei to andre er litt større. Har brukt ribb i beina på sparkebuksa og ribb som ein kan brette dobbelt i livet på den lyseblå buksa.
Har brukt syboka Børnetøj 0- 3 år og eit mønster frå Stoff og stil til sparkebuksa. Der må eg innrømme at eg ein sein og litt irritert kveld, sydde buksa att i innersaumen i staden for å lage til trykknappar. Klarte ikkje å forstå kva dei meinte i sybeskrivelsen og trøtt og lei som eg var droppa eg heile greia..:-) Får prøve igjen ein gong eg er litt meir våken og opplagt!
Ellers skin sola på Vestlandet og eg kjenner at føtene mine fyller heile Crocs`a;-) Får gå og legge beina høgt ei stund:-)
Ønsker alle ein herlig onsdag!
mandag 17. august 2009
Vårt vesle under...
Første sida i albumet klart! Han låg uroleg slik at bilda vart såpass utydelege at vi fekk dei gratis.. Betre bilder følger forhåpentlegvis om ca to månedar:-)Inne i den runde tekstboksen har eg skrive tekst, men sensurert det for anledninga.Eg har fleire gonger før sett bilder frå ultralyd og lurt på kva som er opp og ned og i det heile tatt kvar babyen er! Og sjølv om vi trengte litt forklaring når det gjaldt vårt vesle under også, blei eg forunderleg fasinert over å få sjå korleis han herja på der inne, korleis vi kunne sjå dei ulike organa i funksjon og i det heile tatt at det var ein baby der inne og at det faktisk var VÅR! Ei spesiell oppleving.
No, tre månedar seinare, når han sparkar meg så hardt at eg rykker til eller hikker så magen min gjer små hopp, er det heile blitt meir verkeleg. Eg har nettopp gitt meg sjølv lov til å sjå litt på babyklede i butikkane og kjenner at no når nokre små plagg er komne i hus, kan ventetida bli skrekkelig lang.. Eg gleeeeder meg sånn til å møte han, holde han, kose med han og passe på at han har det bra!!
Abonner på:
Innlegg (Atom)

