fredag 30. november 2012

Monstertruckbanekake...


 ..blei det til 3- åringen sin bursdag! Måtte berre få lagt ut denne anbefalinga på ei knakande god sjokoladekakeoppskrift. Fann oppskrifta hos Glede som igjen hadde funne den på Cathrines matblogg. Kan love at denne oppskrifta blir ein suksess og kaka at held seg saftig og god lenge i kjøleskap. Den gjekk fint an å fryse og så ta opp igjen, når den skulle brukast. Eg har rett og slett fått meg ein ny favoritt når det gjeld langpannesjokoladekake!

3-åringen var med og pynta og tok på seg ansvaret for å vaske/bade alle monstertruckane lenge og vel før dei skulle på kaka, samt kjøre dei nokre rundar i "gjørma", før han plasserte dei på bana. Lettvint og artig å lage, og ikkje minst kjempepopulær for bursdagsguten. Idèen til kaka er frå Freia sine sider.

I år måtte eg nemleg gå for ei kake eg kunne bake og fryse ned, for så å ta opp igjen når vi bestemte oss for å feire 3 årsdagen. Det måtte heller ikkje kreve så mykje av meg når den skulle pyntast.

Terminen til lillebror var 12 dagar før 3- årsdagen, men sidan han likte seg så godt der inne blei det liksom aldri fødsel og dagane nærma seg storebror sin dag. To dagar før bursdagen, fann vi ut at vi like godt kunne bruke ventetida på noko fornuftig og kalte saman to kjekke vennefamiliar og feira. Storebror fekk vite to timar før gjestane kom, at vi skulle feire bursdagen hans, slik at ikkje skuffelsen skulle bli for stor om riene sette inn og vi måtte avlyse. Då heiv vi oss rundt ( i den grad det er mulig gigantisk- kval- stor og på 10. dag over termin), pynta monstertruckbanekake, blåste opp ballongar osv. Var skikkeleg godt for ho mor å få feire gullgutten skikkeleg!

Er SÅ glad vi gjorde det, for fødselen blei sett i gang på storebror sin bursdag to dagar seinare og født tidleg på morgonen dagen derpå. Så blei det i alle fall kvar sin dag og alt endte godt:-)

3 kommentarer:

Datt sa...

Hehehe, KNALLtøff!!

hjemme bra sa...

Du og du for ei stilig kake!
Genial!
Forstår den vart poppulær!
Må sjekke ut kakeoppskrifta du tipsa om.

Mari Søttar Svendsen sa...

Det e den tøffeste kaka!

Mari