lørdag 14. juni 2008

Endå ei albumside...


Har hatt dette bildet av bruda sjølv (sjølve grunnen til at vi reiste til Filipinene!) liggande lenge og no måtte eg berre hoppe i det.. Tittelen kjem sjølvsagt av at bruda var nydelig, og er i tillegg tittelen på ein sang som "forfulgte" oss heile turen.

(Hjerta er farga med mørk rosa glitterlim og dei to store hjerta har rosa tråd og glitterlim på seg. Paljettane er også mørk rosa, men alt dette kom vekk i scanninga.)

Med levande styrkeorkester, og mengdevis med store sommerfulgar som gjestane slapp fri, kom bruda omtrent svevande gjennom blomsterbuegangen og framover den raude løperen mot sin komande ektemann...VAKKERT er vel det rette ordet!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Nydeleg albumside! Og nydeleg brud...Eg klør etter å komme i gang med neste album. Avslutta eit gåvealbum i mai og har store planar om å lage eit til søstra mi sin konfirmasjon neste år. Må nok scanne ein del gamle bilder, men det blir kjekt å komme i gang!

banglamarie sa...

Så vakker layout :)
Skikkelig flott!!