Eg er stadig innom bloggen til ei svært kreativ dame. Ho er ein kløppar til mellom anna å sy og på Hobbyrommet hennar er masse inspirasjon å hente. Har beundra dei søte forklekjolane som ho tryllar fram og har lenge hatt lyst til å prøve meg på noko slikt! Oppskrifta hadde ho funne på bloggen Ohlene syr og der var både forklaring og teikningar som var greie å forstå for ufaglærte som meg. Kjolen kan vrengast og brukast på begge sider.
Ellers har ein gjeng basseluskar inntatt kroppen min og gjer at mesteparten av helga nok blir tilbrakt på sofaen. Skulle eigentleg avgårde å passe skjønne nevøar, men sendte den snille og flinke mannen min i staden.
Riktig god helg til alle dokke der ute!