fredag 15. juni 2012

Hei igjen!

Nye kose-, lese-, leikekroken vår! Spanna frå Ikea er fulle av leiker og kassa under sofaen rommer nokre av bøkene til A.
Nydelege nattbordet etter bestemor og bestefar.
Litt rydding på bildelistene måtte til.
Det bognar verkeleg av blomster i hagen for tida. Eg plukkar inn og nyt det til det fulle.
Etter ei lita ryddeøkt vår kroppen klar for kvile igjen. Kosa meg skikkeleg med blad, kaffelatte med karamell, tørka mango og litt sjoko:) Lilla syrin var bestemor sin favoritt, så det var ekstra koseleg å setje dei på nattbordet hennar.

 Det tok si tid før neste innlegg kom gitt! Har for så vidt vore mykje rundt omkring og kikka, men ikkje kjent den store bloglysta sjølv. Forma har ikkje vore den beste i vår, men heldigvis har det vore til ei skikkeleg god sak. Det er nemleg ein liten mini som sprellar rundt inne i magen min :) Er no fem månader på veg og viss alt går etter planen kjem lillebror i oktober. Vi gleeeer oss! 

No er forma stabilisert og eg er i gang med forandringane eg har klekka ut etter x antall timar på sofaen, der eg har studert alt auge har hatt tilgang til rundt meg. Eg har lenge grubla på korleis eg skulle få til ein krok til i stova vår. Sofaen er gigantisk og heilt genial til sitt bruk, men  har liksom berre hatt ei avdeling for avslapping. 

Spisestuekroken synest eg var både mørk og litt upraktisk. MEN med skjenken i kjelleren og spisebordet snudd, vart det ein herleg liten krok til leiking, kaffidrikking og lesing. Eg er kjempefornøgd. Lampen, som tidlegare var over spisebordet må flyttast, og jammen trur eg den skal spraymalast og få ny ledning før den kjem opp igjen også. 

Det fiiine nattbordet ved sofaen var bestemor og bestefar sitt. Eg har pussa det ned og planen var at det skulle på vårt soverom. Det får stå her ei stund trur eg. Genialt til å setje kaffikoppen på og til oppbevaring av bøker, leiker osv. Dessutan er det kjempestødig om nokon skulle få lyst til å klatre litt på det :)

Ei riktig god helg til deg som kikkar innom! Vi skal i bryllup, gler oss:)

3 kommentarer:

hjemme bra sa...

Koselig å kikke innom hos deg. Ein skikkelig kjekk krok du har laga til.
Og gratulerer med lillebror i magen! Blir stas med to gutar. Eg har to tette, 20 mnd mellom gutane, som no er 9 og 7. Fekk ei lillesøster som blir 2 i oktober. Ho inspirerte meg til å begynne å sy barneklede. Det er så gøy!

Håper de får det kjekt i bryllup i helga.

Kaspara sa...

Hei Åse Martit
Gratulerer med baby i magen! Så koselig!
Tusen takk for lang hilsen også. Håper middagen med nybakte olivenboller smaker fortreffelig! Jeg er ikke lei av dem etter mange år.
Fin ny kosekrok dere har fått forøvrig!
God søndagskveld til deg!
Klem fra Kaspara

Ida sa...

For ein kosleg lesekrok. Likte godt to-setare!