fredag 18. januar 2013

Lekkert print og glad kopp..

Printet There`s no time like the present minner meg på å nyte øyeblikket. Sjå HER om du er interessert i denne påminninga sjølv.

Eg har skapet fullt av koppar og har ganske strengt koppekjøpeforbud. Kva er vel då meir fantastisk enn at mi snille søster sørger for at eg likevel får denne draumen av ein glad Mari Mekko- kopp i hus?! Det er ikkje alle i familien som ser poenget med at koppen ein drikk av skal vere så veldig fin (eller glad!).. MEN når koppen er glad, blir kaffien glad og for ikkje snakke om den som drikk kaffien; den blir kjempeglad. Og kven vil ikkje at den heimeverandre, babybyssande fruen i huset skal vere glad? Der har vi argumentasjonen for glade koppar i boks gitt.

torsdag 17. januar 2013

There is no time like the present..

Tida går så fort! Lille skatten har blitt 2 1/2 mnd og eg gjer mitt ytterste for å prøve å leve i øyeblikket og nyyyte lille go`ingen til det fulle. Det er ikkje alltid like lett å leve i øyeblikket synest eg. Eg ser på alt eg skulle ha gjort, planlegg kva som skal skje framover og så flyg dagane! MEN no øver eg meg på å nyte. Nyte den varme lille kroppen som ikkje får nok av å ligge inntil mamma`n sin, små fingrar som ikkje vil sleppe fingeren min, den fantastisk mjuke huda, nydelege smil som gjer at eg kjenner det langt nede i magen. Alt dette og mykje meir skal nytast, her og no.

Kom over ein fantastisk blog Gi det videre, der ei supergenerøs dame deler av det ho lagar og tipsar om andre som gjer det. Fann eit print der som blei ein perfekt påminner for meg: "There`s no time like the present". Det er innramma og kome opp i stua. Bilde kjem!

tirsdag 4. desember 2012

Adventskos...


Vi pynter til advent, tenner lys, fyrer i ovnen, baker pepperkaker, gomler pepperkaker, drikk mengder med te og kaffi, klipper, limer, bysser og koser. Adventskos med tid til det vi eigentleg vil ha tid til, DET er fint det!

fredag 30. november 2012

Monstertruckbanekake...


 ..blei det til 3- åringen sin bursdag! Måtte berre få lagt ut denne anbefalinga på ei knakande god sjokoladekakeoppskrift. Fann oppskrifta hos Glede som igjen hadde funne den på Cathrines matblogg. Kan love at denne oppskrifta blir ein suksess og kaka at held seg saftig og god lenge i kjøleskap. Den gjekk fint an å fryse og så ta opp igjen, når den skulle brukast. Eg har rett og slett fått meg ein ny favoritt når det gjeld langpannesjokoladekake!

3-åringen var med og pynta og tok på seg ansvaret for å vaske/bade alle monstertruckane lenge og vel før dei skulle på kaka, samt kjøre dei nokre rundar i "gjørma", før han plasserte dei på bana. Lettvint og artig å lage, og ikkje minst kjempepopulær for bursdagsguten. Idèen til kaka er frå Freia sine sider.

I år måtte eg nemleg gå for ei kake eg kunne bake og fryse ned, for så å ta opp igjen når vi bestemte oss for å feire 3 årsdagen. Det måtte heller ikkje kreve så mykje av meg når den skulle pyntast.

Terminen til lillebror var 12 dagar før 3- årsdagen, men sidan han likte seg så godt der inne blei det liksom aldri fødsel og dagane nærma seg storebror sin dag. To dagar før bursdagen, fann vi ut at vi like godt kunne bruke ventetida på noko fornuftig og kalte saman to kjekke vennefamiliar og feira. Storebror fekk vite to timar før gjestane kom, at vi skulle feire bursdagen hans, slik at ikkje skuffelsen skulle bli for stor om riene sette inn og vi måtte avlyse. Då heiv vi oss rundt ( i den grad det er mulig gigantisk- kval- stor og på 10. dag over termin), pynta monstertruckbanekake, blåste opp ballongar osv. Var skikkeleg godt for ho mor å få feire gullgutten skikkeleg!

Er SÅ glad vi gjorde det, for fødselen blei sett i gang på storebror sin bursdag to dagar seinare og født tidleg på morgonen dagen derpå. Så blei det i alle fall kvar sin dag og alt endte godt:-)

onsdag 21. november 2012

Lillebror...

For tre veker sidan kom nydelege lillebror Tobias til oss. Blir lite tid framfor pc-en, men desto meir kos med både den store og den lille no for tida. Tobias har på seg kvit bukse med treknappar, som flinke bestemor har strikka. Ho har også strikka det mjukaste grå teppet til han. Heldige meg kunne berre velge farge og mønster og så kom både hentesett og teppe ferdig i posten.

Ser det er mykje juleinspirasjon å hente ute på bloggane for tida. Gler meg til å begynne å pusle litt med slikt innimellom babykos om dagane.

Fin onsdag til deg som kikker innom!

tirsdag 18. september 2012

Litt fornying i sofakroken...

Hjortepute sydd av kjøkkenhandkle og pute sydd i turkis ullstoff frå eit møbelfabrikkutsalg på Sunnmøre. Turkisfargen kjem ikkje til sin rett her dessverre! Den grå puta har mamma strikka. Synes den er suuperfin!!
 Det blir eindel timar på sofa`n på meg for tida, grunna lite samarbeidsvillig bekken. Då blir det ekstra viktig at eg har noko fint å kvile augene på der eg ligg. Nysydde puter, litt teip og ommøblering i tallerkenhylla var det som skulle til. Fornøgd!

Er berre fire veker att til termin no, så får vi sjå kor mykje meir ommøblering og putesying det blir før lille vidunderet er her. Ååå, som vi gler oss!!


torsdag 23. august 2012

I mamma si bukse..

Var: Mi litt for trange, altfor lav i livet- dongribukse. Er: Barnehagedongri til Minien.

Det skjer noko rart med meg når magen veks og fødsel nærmar seg: Eg får så lyst til å sy!

Denne gongen har eg blitt superinspirert av syboka SikkSakk der ei knallflink dame viser korleis ein syr barneklede av voksenklede. Genialt, spør du meg! Ingen dårlig samvittighet for bom-kjøp-buksa lengre og omtrent eit gratis prosjekt, sidan ribben og lappane også var restar frå tidligare prosjekt. Merka også at eg ikkje var så redd for å feile, fordi stoffet ikkje var nytt, og ikkje minst var dette veldig artig å prøve.

Den nye bukseeigaren var superfornøgd og ville gjerne bli tatt bilete av i nybuksa. Det var berre litt vanskeleg å stå i ro og følge instruksjonane frå fotografen;-)

Ha ein fiiin dag!