Heilt sidan ei god stund før vi fekk den store grå sofaen, har eg grubla på nokre nye puter til den. Sofaen er stor og grå og er veldig fornøgd med den, MEN den treng nok litt oppkvikking! Kjekt å sy puter, men veit aldri om eg blir skikkelig fornøgd før dei er ferdig sydde og det har gått nokre dagar.. Då kan eg enten finne ut at eg er kjempefornøgd, eller det motsatte.. Tok derfor litt tid før eg mota meg opp til å sette i gang:-)
Men no har eg altså sydd eitpar..og trur eg er fornøgd! Skal ta bilde av dei i sofaen ein dag eg er heime tidligere på dagen. Stoffa eg har brukt er mest frå bruktbutikkar og Fretex og ei bakside og ei lita stripe er frå Ikea.