
Eg er kjempebegeistra for iskaffe! Eg er ikkje den store kaffedrikkaren til vanleg og spesielt ikkje no med knøttet i magen, men av og til unner eg meg ein kopp. Då går det for det meste i kaffelatte- variantar på kafè, ferdige posar som du tilsett kokande vatn heime eller når mannen lagar svart kaffe, drikk eg den med mykje melk..
Dei siste dagane har vore litt i varmaste laget synest eg (utan å klage sjølvsagt!!). Hadde eit stykke deilig sjokoladekake og fekk lyst på kaffelatte til, men eg holdt på å renne vekk etter halve koppen. Då begynte tankane mine å surre rundt iskaffe! Har kjøpt Tine sin nokre gonger og synest den er herleg søt og god, men fungerer dårleg viss du skal ha noko søtt til. Då vi var på Filipinene i fjor, var iskaffe på Starbucks eit must omtrent kvar dag, HERLEG! (Når kjem Starbucks til Noreg??!)
For å kome til poenget; eg begynnte å leite på nettet etter oppskrifter på iskaffe. Fann eitpar og miksa dei litt, tillegg til litt kunstnerisk frihet. Vil du lese om å lage iskaffe heime kan du sjå her
Klikk.no og
Apèritif .
Slik gjorde eg (til eit stort glass):
1) Laga 1 1/2 dl sterk kaffe - Laga av kaldt vatn og to store kaffeskeier med kaffegrut. La det stå i nokre timar, eller ha meir grut i og la det stå ein time. Du kan visst lage vanleg sterk kaffe også, men då vil smaken bli meir bitter i følge klikk.no. Helte kaffe- en gjennom kaffefilter, slik at eg fekk ut gruten.
2) Hadde i 2-3 ss med sukker og rørte det ut (Eg liker kaffeen søt!).
3) Fylte eit stort glass halvfullt med isbitar og helte kaffeen over. (Eller knuse isbitane i blender)
4) Fylte opp (nesten) glaset med melk.
5) Hadde i ca 4 ss med mjuk vaniljeis og rørte det ut.
Kaffe er sjølvsagt ei smakssak, så mitt tips er å prøve seg fram med desse ingrediensane og finne sin eigen miks. Les linkane ovanfor også, for fleire variantar med bær, sjokolade eller uten melk.
Dette var så godt at eg berre måtte dele det med dykk der ute! Lykke til om du vil prøve!