tirsdag 22. september 2009

Litt av kvart...




No er det under ein mnd igjen til termin!! Eg er SÅ spent på tida framover og kan knapt vente på å holde han i armane mine..

Eg har laga meg ei liste med ting eg kan/ burde gjere før babyen kjem. Heldigvis er dei aller fleste babytinga er i boks. Lista er laga i tilfelle eg skulle begynne å kjede meg og så liker eg å få idèane ned på papiret slik at eg slepp å gå rundt å huske på alt mulig. Har fått litt strenge beskjedar både frå mannen min og mamma om å ikkje ta alle prosjekt på ein gong..alt er tyngre no, eg søv dårleg om natta med den store magen og blodtrykket har stige, så prøver å ha litt roligere dagar. Det gjeld å finne kjekke ting å gjere, men likevel ikkje bli for ivrig!

Litt sying har det likevel blitt! Ein undertøyspose til f.eks å ha i kofferten når ein er på tur slik at ikkje undertøyet flyt rundt, og ein skopose til finskoa. Posane er tenkt som julegåve. Idèen er ikkje sjølvpåkomen, dei sel sånne posar i butikkane rundt omkring og eg fekk lyst å lage mine eigne. Trur f.eks. Rice har liknande posar.

Har også sydd ei lita joggebukse i str. 68. Det grøne stoffet er herleg mjukt og elastisk så eg trur denne skal bli veldig behageleg for knøttet. Veldig artig å sy slike små klede!

Dei to siste bileta er frå nokre av dei nye putene i stua. Hadde eit lite raid og sydde nye putetrekk for eitpar veker sidan, så no er det overvekt av orange og blågrønt her ei stund framover.

7 kommentarer:

Pillepalle sa...

Hei! For en fin krok med gyngestolen! Denne puffen kunne jeg også gjerne ha :)) Hilsen fra Pillepalle

Briggs lekehus sa...

Så urolig flink du er å sy! kjempeproduktiv og masse fine ting! Spennende da:-) under en mdn igjen.. da kan det jo skje når som helst:-)!! så gøyt!

Blandet loft sa...

Åh så mye fint du har sydd!!! Blir missunnelig her jeg sitter å sikler. og de putene var virkelig pene, de i sofaen!

Hilsen BlandetLoft

kreakris sa...

Mykje fin produksjon! Sånne "reiseposar" er smarte. Har laga nokre eg også, og har planar om å lage fleire. Julegaveideen var ikkje dum. Stjeler den:)

Den grøne joggebuksa var kjempekul. Stilig med bøter på knea. Lurt å piffe opp med slike detaljar.

Nye putetrekk til sofaen hadde eg også planar om å lage. Heilt til eg ein dag havna på ein butikk der dei hadde brukbare putetrekk med fyll til 30 kroner...Då kjøpte eg to, så kan eg bytte om litt på dei putene eg har enn so lenge:)

Så spennande at det nærmar seg termin! Håpar resten av ventetida blir god og at du lyttar til råda frå dei rundt deg. Både du og beibisen har godt av ro. Men småprosjekt kan ein jo ha:)

Ha ein fin onsdag!

Anemone sa...

Du er så utrolig flink!! Jeg klarer å sy putetrekk og poser, men den skjønne joggebuksa! Der hadde jeg nok fått noe å bryne meg på.

Lykke til fremover!

kreakris sa...

Hei igjen!

Tekstilmaling har eg god erfaring med. Det falmar litt etter dei første gongane i vaskemaskina, men ikkje verre enn at eg syns det går greit. Brukar somme tider tusj, andre gongar maling. Den første tusjen eg kjøpte for mange år sidan skulle eg gjerne funne igjen i ein butikk, for den har halde fantastisk godt i vask! Brukt på sengeklede og grytelappar som har blitt vaska på 60 grader gong etter gong...

Navnelappane mine er kjøpte på ein svensk nettbutikk: minanamnband.se. Veldig fornøgd med lappane! Kjekt å kunne sette eigen label på ting ein lagar:)

Lykke til med jakke/genser-sying! Det blir spennande å sjå kva du får til. Eg skal sy noko så spennande som gardinforheng til ein krok på vårt nyoppussa vaskerom. Lite spennande oppgåve, men det må gjerast.

God helg!

Cathrine sa...

Så mye fint og kreativt:-)
Også spennende at termin nærmer seg, jeg kan kjenne den spennende følelsen i kroppen. Ønsler dre all lykke i ventetiden og etter:-)