mandag 28. september 2009

Ensom elefant...




Ein nysydd elefant ventar på ein liten venn på eit nyoppussa rom..

I sommer hadde vi besøk av ein sjarmerande liten kar på 2 og eit halvt år og dei kjekke foreldra hans. Guten vart så glad i elefanten eg hadde sydd til bebisen og då han skulle reise fekk han den med seg heim til Oslo. No har eg sydd ein ny elefant som skal få lov å bli her i huset!

Den flinke handymannen min vart ferdig med babyrommet på laurdag. Listene manglar enno, men står nymala i kjelleren og kjem opp så fort dei er tørre.

Etter lange tider med søking på nettet og leiting etter barnetapet som ikkje var for nusselig, vendte eg stadig tilbake til tapeten Rush Hour. Saknar fleire variantar tapet for barn som ikkje består av teikeseriefigurar, duse pastellar o.l. Tre av veggane er tapetsert med fiberduk og mala med kvitfargen Ben (med ein nyanse grått) medan endeveggen med vindu på fekk Rush Hour- tapet. Synest resultatetet blei veldig fint og gler med til å begynne å lage til litt der inne.

Det blir nok ikkje noko typisk pastell-babyrom sidan eg er så glad i fargar.. Trur eg har bestemt med for å gå for blå, turkis og grønfargar og alle nyansar mellom dei. Skal prøve å ikkje ta heilt av..:-)

Sjølv om vesleguten skal få sove inne hos oss i laaange tider, er det veldig kjekt å ha eit babyrom til alt babystæsjet og babykleda som har samla seg her i heimen. Kjem nok til å innrede rommet sånn litt etter kvart. Tenkte å sjå meg om etter ein liten kommode som eg kan pusse opp og så har eg ståande mamma si gamle tallerkenhylle, som eg ikkje har funne plass til enda. Kanskje den finn vegen opp frå kjelleren og inn på babyrommet etter kvart?

Tek sjølvsagt imot tips og forslag til korleis innrede barnerom praktisk og fint eller gode linkar til inspirasjon!

7 kommentarer:

olav sa...

lekker tapet og lekker elefant :)

banglamarie sa...

he, he... Olav har visst lånt maskinen min og ikke logget seg av...

Lekker tapet og lekker elefant :)

IfraLahell sa...

Såååå spennende tid du går i møte altså. Nå er det over et halvt år siden jeg gikk høygravid og lengtet etter min lille tulle. Det halve året har gått så fort. Virker som det var i går vi tok henne med hjem.. tapete du har valgt fra FermLiving er blant mine favoritter. Thelma har heller ikke et typisk "babyrom". Jeg har heller gått for sterke, klare farger. Få møbler og lyse gulv. Ligger bilder på bloggen min under kategorien barn om du vil se!

Ønsker deg en herlig dag.

Klem IfraLahell

kreakris sa...

Så fint! Herleg tapet. Likte den kjempegodt. Apropos bilar så kjem bilstempelet mitt frå panduro. Enkelt å få tak i! Eg brukar det masse.

Elefanten vart kjempekul. Likar fargane dine:)

Gina sa...

Det var ein kjempeskjønn tapet og ein nusselig liten elefant=) Blir eit herligt gutarom det der!

annki83 sa...

Hei! Så gøy blogg! Lykke til med ventetida før fødsel..

Hils Øøøyyyviiind - klem

miapia sa...

Helt fantastisk tapet!!!