søndag 30. mai 2010

Babyreisestol...










Eg har sydd ein babyreisestol!

Det er ikkje overalt kvar ein kjem dei har babystolar. Og med ein liten kar som helst både skal holde skeia og banana sjølv, kan det vere ei viss utfordring å ha han på fanget når han skal ete. Stolen tar liten plass i veska og er på den måten grei å ha med seg på besøk eller på bytur.

Eg fekk tipset og mønster til stolen av ei venninne, og sidan eg ikkje hadde sett ein slik stol før, forklarte ho meg korleis den skulle sjå ut. Litt usikker på om resultatet er slik som den opprinnelig skulle vere, men trur det vart sånn ca.

No er babyreisestolen ferdig og Amandus har testa den ut her heime. Han var ikkje heilt villig til å sitte i den med ein gong, men med litt avledningsmanøver og hjelp av ein tøysete pappa, gløymte han at han ikkje ville sitte der og heller smilte og lo.

1 kommentar:

kreakris sa...

Så kjekt at det skjer ting på bloggen din igjen :)
Smart sak du har laga der. Og så stor guten din har blitt!
Håpar de får ein super sommar!