onsdag 2. juni 2010

Latte pronto...





Eg vil på ingen måte kalle meg sjølv ei by- jente, snarere tvert imot. Men visse varige mèn har eg fått etter eindel år i Bergen by. Det var nemlig der eg verkeleg fekk smaken på kaffe og ikkje minst den ekstra herlege kaffe latte- en. No har vi vent tilbake til bygda og eg drøymer om at den fine bygda vi bor i snart skal få seg ein koseleg kafè der dei serverer deeeilig kaffe latte og f.eks. muffins:-) DET hadde vore noko det!

Medan eg venter, kan eg leike kafè her heime hos meg sjølv. Kjempefornøgd med den nye Latte pronto-en min, som eg fekk til 30 års dagen min (dvs kjøpte for pengar eg fekk). Den varmer og skummer melk, slik at eg kan lage skikkelig kaffe latte med herleg skum på toppen på ein- to- tre! Med brunt sukker i skuffa og dilla på å bake ulike muffins og cupkakes, så blir det reine kafèsteminga i heimen.

Kaffe latte med ein stor oreo- muffins til! Mmmmm...

4 kommentarer:

banglamarie sa...

ser skikkelig profft ut!!!
heimecafe :)

kreakris sa...

Mmmm...eg er ingen kaffedrikkar, men kafemenneske deluxe! Dette såg herleg ut. Har ein ikkje kafe får ein lage det sjølv :) Det kan vere ganske koseleg det og!

Kjekt å høyre at du likar smekkene mine :)

salige lavendel sa...

Gøy med en sånn "maskin" og kaffekoppen din var superkul =)

envriddverden sa...

Som teeslker som ikke drikker kaffe blei jeg likevel frista av dette bildet, men det var kanskje muffinsen som frista mest. Kanskje du bør åpne din egen kafé?