mandag 11. oktober 2010

Blålege tonar..



Har alltid vore glad i blålege tonar! Dei siste åra har turkis vore ein soleklar favoritt, både på klede og interiør. Spesielt i kombinasjon med grønt eller litt lilla synest eg det er lekkert! Eller gult eller raudt! Eller som på den nysydde puta mi: ulike blålege tonar om kvarandre! To av stoffa på puta er frå ein blåleg stoffpakke kjøpte eg frå Kasparas salgsblogg, det andre er frå Brukten på heimplassen min. Puta har allereie fått plass i sofaen- skikkelig fornøgd! ..om eg skal sei det sjølv..:)

Nisteposen til Amandus i knall turkis. Veldig praktisk å ha eigen pose til flaske, skiver, grautpulver, fruktbeger og smikke!

No lukter det snart nysteikt brød her og vi skal ha kveldsmatbesøk av gode venner. Det gjeld å kose seg, også på ein mandag!

3 kommentarer:

MøbelPøbel sa...

Ååå, for en fin pute! Og så nydelige farger..er fortapt i den turkise..

micano sa...

Kjempefine stoffer :-) Du er flink! Kunsten å kose seg er flott den også!

Kikki sa...

Turkis og blått er farger som jeg tror jeg aldri kommer til å bli lei av! Kjempestilig pute - nydelige stoffer! God helg til deg!