fredag 10. desember 2010

NAM! Sarah Bernard og snø...

Sarah Bernard


Amandus ute i snøen og leika og et snø for første gong..:)

"NAM!" er for tida husets mest sagte ord. Etter eittårsdagen har Aamandus fått smaken på "nam" og trur det meste han møter på sin vei er noke herleg etande:) Ein fargerik knott, ei dame i køa sine knallraude lakka neglar og utsikta ut vinduet ein morgon vi våkna og alt var kvitt. "NAM!" ropte han då og peika ut. Veit ikkje om det er assosiasjonar til isen han fekk smake på syden eller kva, men då vi gjekk ut for å ake og herje i snøen la han seg rett ned og begynte å sleike i seg snø. Det er vel eigentleg slik dei fleste ungar gjer, men då han la seg ned for å ete snøen i gangen etter at vi var komen inn igjen, satt mora foten ned..usj!

For to år sidan kom eg over ei oppskrift på Sarah Bernard på bloggen Livet er heeerlig. Her snakkar vi NAM på høgt nivå etter mi meining. Dei er mektige, men fantastisk gode! Det er vel ei sånn "kake" som folk kanskje seier at det er nok med ei, medan eg kanskje synest tre er passelig:) Oppskrifta finn du her.

Eg leita litt for å finne att oppskrifta og kom over fleire andre variantar og då blei resultatet ei blanding. I staden for å blande kransekakemassen ut med eggekvite og lage toppar, kjevla eg den berre ut i ca 1 cm tjukkelse og trykte dei ut med ei lita form og spruta kremen på med ei kakesprøyte. Var effektivt og greit. Kan vere lurt og sette dei i kjøleskapet litt etter at kremen er spruta på og la sjokoladen avkjøle seg litt, slik at ikkje kremen smeltar. Lykke til om du vil prøve!

God helg!

3 kommentarer:

gult hus i svingen sa...

får se om Sarah Bernard blir prøvd ut:) Vanskelig å ta inn noe nytt i tillegg til det vi pleier å ha til jul:) Men etter jul kan det jo bli:)
Søte Amandus:)

Fredagsklem fra Trine:)

Kaspara sa...

Hei Åse Marit
Så søt Amandus er og for et fantastisk navn!
Sarah Bernard må vel være det beste som finnes på kakefronten!
Etter jeg har fått astma og er en ganske allergisk type er jeg veldig forsikitg med nøtter og mandler, og Sarah Bernard er vel noe jeg virkelig vill ha problemer med å overse på et kakebord!
Ha glade førjulsdager!
Klem fra kaspara

Med et lekent sinn / With a playful mind sa...

Så søt han er altså. Smelter.
Kunne jo nesten ikke vært et bedre ord!
NAM!
Nu er eendelig pakken sendt din vei, beklager at det har tatt så lang tid.. håper du blir fornøyd :D
Kos deg med kake, den skal sjekkes ut!