fredag 29. oktober 2010

Bursdagsbaluba!


Muffinsmorro!


Amandus i finstasen klar til kakespretting, med berre litt slakke bukseselar...


Så vidt i gang! Mmmm, grøn kake!


Verdens herligaste gut er eitt år gammal i dag!! Koseleg besøk, flagget til topps, ballongar i taket og grøn sjokoladekake oppetter veggane og i ansiketet på ein jubilant i storform.
Er KJEMPESTOLT av å vere mamma`n din Amandus! Gratulerer med dagen godguten vår!!

mandag 25. oktober 2010

Kaffekopp hjertehopp..




Overskrifter på innlegg er heilt klart ikkje mi sterkaste side, så då er det like greit å skrive det første ein kjem på.

Altså..men eg må innrømme at det blei eit aldri så lite hjertehopp på meg då eg såg denne kaffekoppen på "Gjenbruken". Eg har tidligere to tefat i samme serie som eg liker veldig godt, men hadde aldri sett kopp som hører til før. Sidan kopp og tefat blei solgt som sett, er det no to tefat som er veldig einsame utan kopp, spesielt no når dei ser bort på det nyaste tefatet som har fått kopp! Uansett..håååper eg finn eitpar koppar til!

Denne helga har eg dessutan drikke så mykje kaffe at det har blitt litt ekstra hjertehopping for min del. Eg får nemlig hjertebank av store mengder kaffe. Denne hjertebanken er ikkje like behagelig alltid, men i helga var det vel verdt det. Har hatt besøk av ei venninne som bor i Oslo og vi har berre skravla, slappa av, drikke kaffe og kosa oss heile helga. Skikkelig opplading og veldig triveleg!

No blir det nokre dagar med knekkebrød før det brakar laust med eittårsdag og sansynlegvis sjokoladekake oppetter veggane frå og med fredag og tre dagar til ende! Vi gleeer oss!

onsdag 20. oktober 2010

Kommode til barnerommet og ein gla` -lampe!




Den ferdigmala kommoden har forløbig fått plass i gangen, men skal inn på lille A sitt rom etter kvart. Eg har sett at fleire har latt seg inspirere av fantastiske Precious. Heilt sidan eg såg bilder frå heimen til dama bak Precious i Rom123 for eitpar år sidan, har bilda av det brent seg fast hos meg. Leikent og fargerikt, rett og slett herlig! Ei god stund før A var født, fann eg ein passande kommode på Fretex og hadde planen klar. Ting tar tid og sidan rommet til A blir brukt som gjesterom også har eg utsett prosjektet lenge og vel, men no er det altså gjort. Eg såg opprinnleg for meg skuffene i annakvar farge (ordentlig Preciousherming!), men syntes det blei bra med to pluss to, så slik blir det foreløbig. Må nok høvle av litt på skuffene fordi dei er blitt skikkelig trege etter malinga, men utenom det er eg kjempefornøgd.

Den gule lampefoten kjøpte eg på årets einaste loppemarked for min del. Den har fått ein sommerleg lampeskjerm av Ikeaskjerm og bruktbutikksengesett. Synest de blei ein skikkelig gla`-lampe!

mandag 11. oktober 2010

Blålege tonar..



Har alltid vore glad i blålege tonar! Dei siste åra har turkis vore ein soleklar favoritt, både på klede og interiør. Spesielt i kombinasjon med grønt eller litt lilla synest eg det er lekkert! Eller gult eller raudt! Eller som på den nysydde puta mi: ulike blålege tonar om kvarandre! To av stoffa på puta er frå ein blåleg stoffpakke kjøpte eg frå Kasparas salgsblogg, det andre er frå Brukten på heimplassen min. Puta har allereie fått plass i sofaen- skikkelig fornøgd! ..om eg skal sei det sjølv..:)

Nisteposen til Amandus i knall turkis. Veldig praktisk å ha eigen pose til flaske, skiver, grautpulver, fruktbeger og smikke!

No lukter det snart nysteikt brød her og vi skal ha kveldsmatbesøk av gode venner. Det gjeld å kose seg, også på ein mandag!

onsdag 6. oktober 2010

NIB utfordring..




Etter å ha sett på alle dei fine loppefunna i Nib si utfordring denne månaden, fekk eg lyst til å hive meg på.

Ein av mine favorittar er bordet som tilhørte mine oldeforeldre og stod på kjøkkenet deira. Det er passe slitt og har tre like bein og eit som er litt annleis. Ein kan sjå skøyten mitt på beinet: her er det gamle, øydelagde saga av og ein ny bit satt på!

Stolen, ugla, lampen og stoffet på oppslagstavla er også bruktfunn.