mandag 29. november 2010

Ferieglimt



Vi har hatt tidenes herligaste veke. Familieliv, strandliv, avslapping, besteforeldrebarnevakt, god mat og deeeilig temperatur!

Litt kjedelig at lille prinsen fekk feber etter heimkomsten, men det er vel sånn ein må rekne med når temperaturforskjellen går frå 25 herlige grader til 10 ganske mykje mindre herlige minsgrader på få timar. Satsar på at han er frisk og rask igjen veldig snart! Det blei nok litt nedtur for han å kome heim til ullstrømpebuksa for han har virkeleg kosa seg i varmen, bada, ete is..og eindel sand, og ellers skine om kapp med sola der nede:)

Fiin dag til deg som kikker innom!

torsdag 18. november 2010

Inntog av lilla..


Det nærmer seg desember og hos oss er det meir og meir inntog av lilla.

Har sydd ei ny pute med eit bilde av eittåringen på. Fleire andre lilla puter har funne vegen til sofaen, ei lilla og grå vimpelrekke er kome opp i vinduet og den grøne tavla er bytta ut med den eg trekte med lilla soppestoff i fjor til advent.

I fjor satt eg her med ein ein-måned-gammal baby og kosa og amma meg gjennom adventstida.. Herlig var det:-) Trur det blir herlig i år også! Skal nyte tida heime i det fulle med den skjønnaste eittåringen, for over jul begynner han i barnehage. Hjelp som tida flyg!!

God før-adventstid til deg!

tirsdag 9. november 2010

Blueberry Bliss

Blueberry Bliss- ein favoritt!


Det passer sjelden å bli sjuk og ikkje denne gongen heller. Tusen ting eg skulle gjort og ikkje minst husmorferie(!) i sikte. Satsar alt på å bli frisk og rask igjen til den tid!

London- te er ein favoritt og er heilt utan koffein slik at den kan drikkast både tidleg og seint. Blueberry Bliss med herleg smak av blåbær og med ei lita skei honning gjer den susen for ein sår hals.

Fann denne søte pyntetallerkenen ("Kjærlighet må deles") for ei tid tilbake og bildet av dei to ungane minner meg om då eg var lita. Det er lite veggplass på kjøkkenet vårt, og sidan eg ikkje er nokon minimalist utnytter eg den plassen eg har:) Fann ut at tallerenen passa mellom kjøleskapet og dørkarmen, over bursdagskalenderen til Blafre. Kunne fint ha passa nedanfor kalenderen også, men så har vi den lille klartemusa vår som meir enn gjerne tek Ikea-trappekrakken i bruk for å nå det han vil ha tak i.

Bursdagskalenderen er forresten heilt genial for ei småbarnsmor som ikkje lengre huskar bursdagane til folk!..og så er den veeeldig fin:-)

torsdag 4. november 2010

NIB utfordring: STUE

Dette var det beste eg klarte i novemberlyset..grumsgrums!

Skeivt bilde sa du?! Berre legg hovudet litt på skakke så blir det beint:-)



Klart vi må vere med på NIB si utfordring!

Sånn ser sofakroken vår ut for tida. Var litt vanskelig å la vere å få med ei barnebok eller ein liten bil, men trur eg har klart det. Vinduskarmane er heilt tomme for tida pga han som turner i dei til dagleg, så valgte å berre ta sofakroken denne gongen.

Sofaen er tidenes kjøp frå ein familiedag på Living (dag der familie eller slekt til ansatte kan få god rabatt, genialt). Sofaen er stor og god, super for høge folk (som oss) og herleg å krype opp i. Bordet er frå Fretex og tallereknhylla er den som har henge på kjøkkenet til mamma og pappa i omtrent heile min oppvekst. Putene som er heimesydde er laga av bruktstoff og ei av Isak-posen som tilhørte Isak- fatet mitt. Traktorputa er frå Kremmerhuset. Bildet på veggen er mala av ei god venninne av meg og er ein bryllupspresang. Nips og bilder er ei blanding av nytt og brukt.

Takk for at du stakk innom og legg gjerne igjen eit ord eller to så eg ser kven du er og kan besøke deg!

onsdag 3. november 2010

Isak og Ikea




Eg liker dette runde brettet til Isak så godt! Og flaskene frå Ikea er ikkje så verst dei heller. Lekkert design og perfekte fargar.

God onsdag!

mandag 1. november 2010

Vimplar i vinden!




Vimelrekkene er verkeleg vinden for tida! Eg ligg som alltid litt etter og har nylig fullført mi første. Det skal seiast at den faktisk har vore halvferdig sidan før eittåringen vår vart født, men i mangel på eit ferdig barnerom å henge den på, sank inspirasjonen og andre ting har blitt prioritert på syrommet. MEN det er klart gullguten måtte få bursdagsvimplar til eittårsdagen sin! Og DET fekk han, MED navnet sitt på:)

Ellers et vi kakerestar etter gårsdagens familieselskap og fortsetter å smelle ballongar her hos oss:) God veke til alle besøkande!