fredag 29. mai 2009

Berre sjokoladekake???!!


Det kunne vore slik at denne kulen på magen min berre var eit resultat av stooore mengder sjokoladekake...

MEN heldigvis er det ikkje slik!

Der inne i magen min turner det faktisk rundt ein sprell levande liten babygutt!!!

Dei siste månedane har vore spennande, annleis, litt kvalme(!), fulle av forventning og litt frykt, med heile tida ei vaksande kjensle av at det er eit lite, eineståande liv som veks inne i meg! Fantastisk!

Vi har fått sett den vesle guten vår på ultralyd der han turna rundt, krølla seg saman og gjorde det vanskeleg for den stakkars jormora å få tatt dei bileta og målingane ho skulle. Der var veldig spesielt å sjå hender, føter, eit bankande hjerte og den lille mini- babyen som styra på der inne. Vi er takknemlege og glade fordi alt såg bra ut og eg kjenner at eg gler meg meir enn nokon gong til å møte dette lille underet!

4 kommentarer:

Villa Valle sa...

Gratulerer med babyen!! :) Kom over bloggen din på NIB.. Så fint innlegg du skreiv om bestemoren din.. Når ho har gledd seg til å reise.. til himmelen.. så va det nok godt å få dra..
God helg!

kreakris sa...

Gratulerer med eit vidunder på veg! Så kjekt:) Ønskar deg alt godt for resten av svangerskapet - håpar du nyt den spennande tida.

Pillepalle sa...

Gratulerer med den lille gutt i magen! i Tyskland sier man: Når der går ener, kommer ener. Bestemoren din og babyen møter hverandre underveis, kanskje?

Hilsen fra Pillepalle

Alt godt sa...

Gratulerer! :D