søndag 27. juni 2010

Spisestue i endring,..



Etter..





Endeleg har eg kome i gang med spisestua! Er litt feil å kalle det spisestua for det er berre ein krok i stua. Ein krok eg ikkje har via så mykje oppmerksomhet, men i det siste har eg kjent at her trengs det verkeleg ei oppfrisking. Den er blass og litt kjedelig stakkars... Eg har grubla eindel og plukka opp/hatt ulike idèar: nye gardiner, ny lampe, evt. spraymale ein loppislampe gul, malestuebordet og stolane, ulike stolar i ulike fargar, male skjenken svart (hører opprinnleg til bordet og stolane) eller male den kvit, eller ein anna sprekere farge.

Mi utfordring er at eg er kjempeglad i fargar, samtidig som eg liker veldig godt å bytte om på ting og fargar i heimen. Hadde eg mala skjenken gul, hadde det garantert irritert meg f.eks. i jula..for å sette det litt på spissen. Då gjeld det å halde basen i rolige fargar og heller sette farge på det eg kan bytte ut, har eg hørt.. Men det kan fort bli litt kjedelig, i alle fall har det blitt det i denne kroken synest eg.

Er fornøgd med den første endringa, som er dei kjempekjekke bildelistene frå IKEA. Medan eg venter på fleire familiebilder, har eg sett opp litt hummer og kanari. Synest det friska opp allereie eg! Desse geniale listene, fyller kriteria mine fullt ut: det kan plasserast mykje fint og artig oppå dei, samtidig som eg kan bytte ut når det passer meg!

Eg vil veldig gjerne ha tips om kva meir eg kan gjere med denne oversette kroken i stua! Har f. eks. veldig lyst på ein tøff lampe som gir kroken litt meir særpreg, men som lett kan kombinerast med det meste.

3 kommentarer:

Anemone sa...

Å, den blidehylla di bli kjempefin! Imponerende at du fikk den til å se så ryddig ut, samtidig som den så litt sånn tilfeldig ut med forskjellige rammer og farger.

shinedesign sa...

Heisan! Tusen takk for hyggelig kommentar inne hos meg :-) Vanskelig spm du stiller. Bildelistene dine ble fine synes jeg. Hørtes også spennende ut med en ny lampe over bordet og ulike farger på stolene, GØY!! Det er jo heldigvis bare å male om hvis man blir lei etter en stund. Fortsatt god lørdagskveld til deg :-)

maria sa...

Hei:) so gøy å sjå bloggen din! du e jo so flink til så masse:)
veggen vart kjempefin, og eg støtta deg veldig i å mala stolane i forskjellige fargar, da eit av mine prosjekt for sommaren også:)trur da vert kjempegøy!