onsdag 7. juli 2010

Glimt frå heimen...

Mamma si gamle tallerenhylle har blitt kvit og kome opp i sofakroken. Er ikkje heilt ferdig med å sette opp ting i den, men sette opp det eg hadde for hand der og då..


På skjenken blei det ny lappeduk her om dagen. Har framleis litt soveromsassosiasjon pga dei gamle sengekleda, men likte så godt fargane saman. Friska opp gjorde det også! Hadde nokre lappar til overs, så trur det blir ei pute til sofaen etter kvart.


Den svarte Roberts radioen fekk eg av min kjære til 30 årsdagen min! ..og ny kjøkkenlampe vart med heim frå Ikea i forrige veke.


Fann denne nydelege broderte duken i bruktbutikken i heimbygda mi. SÅ fint broderi og perfekte fargar ilag. Heeeilt etter min smak!


Lille (store!) A i leikegrinda eg hadde då eg var lita. Veldig kjekk å ha når ein må sette på klesvask eller gå på toalettet. Han har verkeleg fått fart på seg, så no tør eg nesten ikkje sleppe han av syne..Då var det kjekt at han kunne arve mamma`n si leikegrind:-)

God kveld til dokke alle!

2 kommentarer:

Skattejeger`n sa...

for ei vanvittig stilig lekegrind :D
lur ide å sette settekassa i tallerkenhylla og :)

Blandet loft sa...

Herlig!! Likte alt