torsdag 20. januar 2011

Gult er...fint!



Baksida



Det blir lite blogging og kreative innslag her i huset for tida. Full jobb, barnehagetilvenning og medfølgande basseluskar gjer at det er lite tid og overskudd igjen til resten.

Har likevel pusla litt innimellom og laga nokre innslag av gult og litt brunt i stua vår. Har plukka vekk nokre andre fargar, men ser at lilla og turkis må få lov å vere her ei stund til. Klarer liksom ikkje heilt å tone det ned eg. Har fått sydd trekk til ei kjempepute (lys med svarte prikkar) frå Stoff og stil også. Veldig kjekk å ha på golvet både for store og han lille.

Hadde behov for noko nytt i tallerenhylla og mekka eit mini scrapbookingbilde. Holdt mykje på med det tidlegare og det var skikkeleg kjekt å leike seg litt med scrapbooking igjen! Den observante sjåar ser kanskje at ein liten stoffrest frå puta fekk vere med i bildet.

No gler vi oss til helga og bestemorbesøk!

3 kommentarer:

Anonym sa...

Hei! Likte skikkelig godt bildet ditt. Fint komponert med kjekke fargar.

Du spør korleis du kan endre bildet som kjem opp når du kommenterer på bloggen min. Trur du må inn i den gamle wordpress-profilen din for å få det til, for har ein wordpress-konto vil det automatisk komme opp når du kommenterer ein wordpressblogg. I alle fall om du har hatt sånn autopålogging. Håpar det gjorde deg litt klokare??

God helg!!!

Stina sa...

Gult är en härligt glad färg.:-) Stina

gult hus i svingen sa...

flotte puter og scrappingbilde:) deilig med bestemorbesøk:)
Vakkert brudepar:)

Klem fra trine:)