lørdag 26. mars 2011

Endeleg...

Knottar på skapet frå Grøn lykke og knaggrekke frå Tiger, begge frå høggravidturen til København.




Hylla som min farfar Amandus har laga.

Kosekrok, foreløbig for elefant og kanin..

Knagg frå Kremmerhuset som har fått papir på seg i dag.


...gjesteseng-fritt barnerom!

Det betyr også at gjesterommet i kjelleren er så godt som ferdig! Manglar siste strøk maling på eitpar veggar, for plutseleg begynte det ein landskamp:) MEN det lovd ordna på i løpet av kvelden, i alle fall viss Noreg vinn, så no heier eg for harde livet her.

1,50- gjestesenga er ute av rommet til vesleguten og komen ned i kjellergangen på vent. Den kjende tapeten Rush Hour bestilte vi og fekk opp på veggen sommaren før vesleguten vart fødd. Sjølv om eg har sett den på veeeldig mange barnerom sidan den gong, er eg framleis like glad i den og fornøgd med at vi valgte nettopp den:).

Det er ikkje rare innreiinga på barnerommet så langt, men farfar- Amandus- hylla med Blafrepapir har fått kome inn. Dei første månedane søv vesle- Amandus i ei nydeleg seng som pappa`n hans og onklane har sove i. Men når klatreferdighetene begynte å utvikle seg, gjekk vi over til glatt, høg reiseseng. Ikkje like fin, men meir praktisk og trygg akkurat no. På senga heng eit nysydd teppe med fleecebakside.

Romeigaren sjølv virka veldig fornøgd med det nye rommet sitt. Rett som det er susar han inn dit, spinn eit par rundar med leikebil og campingvogn (nyopna leike) , riv ned det eg sett opp i hylla og kvitrar glad:).

Det blir nok meir barnerom her etter kvart som vi finn gode løysningar der inne! OG forhåpentlegvis litt gjesterom også om ikkje så lenge. Hurra!!

God lørdagskveld til deg!

4 kommentarer:

Datt sa...

Åh, så fin den knaggrekka, helt herlig knæsj! :)

banglamarie sa...

Så lekkert barnerom!!

Glede sa...

Her var det masse fin farge og mønstre. Og så fint Daisy-service vi har, jeg og du! :) Herlig. God søndag.

Anonym sa...

Kjekt barnerom med gode fargar! Koselig med arvegods i kombinasjon med nye fargeklattar.
Her i huset er det hobbyrommet som skal bli barnerom, så den forvandlinga blir utsett til mini får behov for eige leikerom. Har jo håp om at eg skal kunne ha bittelitt hobbytid også etter familieforøkelsen, og kan ikkje flytte alt hobbyutstyret på loftet med ein gong ;)