fredag 3. juli 2009

Ein oppkvikka gang!




No må eg innrømme at den lange, umulege, kvite, kjedelege gangen vår, faktisk er like lang men ikkje fullt så umuleg, kvit og kjedeleg lengre!

Har fått opp den "obligatoriske" settekassa, og nokre bilder som eg har hatt liggande lenge. Englebildet er eit gammalt som mamma hadde funne hos bestemor, eg synest det er så FINT! Det var ikkje så lett å få gode bilder av gangen når den er så smal at eg måtte stå inne på badet å ta bilder, men det får duge..:-)

Ellers kan eg i dag skryte av årets første bad i sjøen, veit eg er litt pyse som ikkje har gjort det før! Føltes litt merkelig å lufte kulemagen og dukke den under, men knøttet sparka vilt då eg gjekk opp igjen, så kanskje han ville bade meir?!

No blir resten av kvelden inne framfor tidenes innflytningspresang frå snille og omtenksomme tante og onkel: ei stor vifte som gjer det fleire hakk herligere å vere gravid i sommervarmen:-)

4 kommentarer:

Camilla sa...

hihi så koslig med settekassen..jeg har enda ikke funnet ut hvor jeg skal henge min :p

Anonym sa...

Eg likar gangen din! Særleg likte eg måten du har piffa opp settekassa på. Fekk lyst å prøve meg på det samme:)
Bading i sjøen er nesten obligatorisk for min del no om dagen, varmen er litt i meste laget syns eg. Særleg når ein jobbar nattevakter og må sove i eit varmt hus på dagtid...Morsomt at beibisen likte badinga også:)

Anette {foreldremanualen} sa...

Så kuul! Likte veldig godt den bussen! ;-)

Linda S sa...

Så stilige!