tirsdag 30. juni 2009

Omsydd kjole og fiine blomster...







Denne helga har vi vore i bryllup på Sunnmøre. Ei veke før bryllupet prøvde eg dei potensielle kjolane og det viste seg at store ting hadde skjedd den siste månaden og ingenting var spesielt kledelig lengre og nokre var umuleg å få på seg også.

Eg var innom bloggen til kreative Kristine, Hobbyrommet, og såg på den fantastisk fine toppen ho hadde sydd av farmora sin gamle kjole. For ein god idè!!

Dermed bar det av stad til bruktbutikken og eg kom heim med ein mørkeblå gamledamekjole til 50 kr. Hadde håpa på noko meir fargerikt, men tenkte at det var verdt eit forsøk. Så blei det klipping og sying og ein tur til Stoff og stil for å kjøpe stoff til underskjørt, knappar og ny glidelås. Var såpass fornøgd med resultatet at eg turde å gå med kjolen i bryllupet, sjølv om den heilt klart har forbedringspotensiale.

Den nydelege hortensiaen fekk eg av dei søte elevane mine, siste dagen før ferien. Vikariatet mitt går ut i sommer, så det var trist å seie hade til den herlege gjengen!

Då vi kom tilabake frå bryllupshelga, var det eine rosetreet vårt fullt av nydelege knall rosa roser, fine eller??!

Ha ein herleg sommerdag!

3 kommentarer:

Rikke sa...

Kjolen blei fin! Er kult med foldeskjørtbretter :D Jepp, enig med deg, det er en liten varmeovn i magen :P

Briggs lekehus sa...

kjempefin kjole!! Tok tid for meg og å finne kjole..vanskelig. Endte opp i 20-talls kjolestil. Fin mage du har:-)

kreakris sa...

Så kjekt at eg kunne inspirere deg til å lage ein så flott kjole! Den var absolutt kledeleg med ein finfin babymage under:) Smart å kombinere med raud tyll og raudt band. Lykke til med neste kreasjon (for eg er heilt sikker på at du kjem til å prøve deg på fleire)!