tirsdag 30. juni 2009

Omsydd kjole og fiine blomster...







Denne helga har vi vore i bryllup på Sunnmøre. Ei veke før bryllupet prøvde eg dei potensielle kjolane og det viste seg at store ting hadde skjedd den siste månaden og ingenting var spesielt kledelig lengre og nokre var umuleg å få på seg også.

Eg var innom bloggen til kreative Kristine, Hobbyrommet, og såg på den fantastisk fine toppen ho hadde sydd av farmora sin gamle kjole. For ein god idè!!

Dermed bar det av stad til bruktbutikken og eg kom heim med ein mørkeblå gamledamekjole til 50 kr. Hadde håpa på noko meir fargerikt, men tenkte at det var verdt eit forsøk. Så blei det klipping og sying og ein tur til Stoff og stil for å kjøpe stoff til underskjørt, knappar og ny glidelås. Var såpass fornøgd med resultatet at eg turde å gå med kjolen i bryllupet, sjølv om den heilt klart har forbedringspotensiale.

Den nydelege hortensiaen fekk eg av dei søte elevane mine, siste dagen før ferien. Vikariatet mitt går ut i sommer, så det var trist å seie hade til den herlege gjengen!

Då vi kom tilabake frå bryllupshelga, var det eine rosetreet vårt fullt av nydelege knall rosa roser, fine eller??!

Ha ein herleg sommerdag!

lørdag 20. juni 2009

Bekkenløsningspute og trøstesmørbrød på fiiiint fat...







I kveld skulle eg eigentleg vore på sommerfest hos nokre venner. MEN nasa er tett, halsen sår og bekkenet verker... Har nok ikkje tatt det så rolig som eg burde denne veka og får betale for det no.

Dei store avlange putene frå Stoff og stil er geniale å ha mellom knea slik at bekkenet får kvile når ein ligg. Puta har blitt flittig brukt sidan eg fekk den i hus og i formiddag fekk eg sydd nokre saumar, slik at den fekk trekk! No kan den ligge i sofaen utan å sjå fæl og bekkenløsningsaktig ut:-) Godt fornøgd med resultatet!

Til trøstemat vart det focaccia som eg fann i fryseren med skinke, ost, salat og tomat. Tomatane i butikken er blitt så søte og gode no så vi fråtser for tida. Det fine fatet har eg fått av svigermor og ho har fått det av si mor. Fekk sju flate tallerkenar og sju djupe, heldige meg!!

No berre ventar eg på å høyre den gode lyden av motorsykkelen til mannen, slik eg kan legge meg. God natt alle sammen!!

fredag 19. juni 2009

Fargar i krokane...




Er så GLAD i bilder eg finn rundt omkring på dei herlege bloggane dokka, av koselige og fargerike krokar som gjer ein reint blid av å sjå på. Kom til å tenke på at eg stort sett tek bilde av tinga, utan heilheita rundt! Kjem nok av at huset vårt enno kan kallast halvferdig i både oppussing og innredning, men det blir heldigvis stadig betre.

Her er nokre bilder av eitpar av mine fargerike krokar. Fann nattbordet i gangen på ein bruktbutikk forrige helg og er kjempefornøgd fordi det både er veldig praktisk og veldig søtt, synest eg! Det blir nok mala etter kvart, men sidan eg ikkje er i malemodus på nokre månadar enno, forblir det lyyyysegrønt inntil videre. Dei flotte Blafreboksane kom til sin rett der også..

Der tredje bildet er frå peiskroken på stua, i si heilhet! Er blitt Så glad i den gamle gyngestolen frå huset til mannen min sine oldeforeldre.

Ha ei herleg helg alle sammen!

søndag 14. juni 2009

"En elefant kom masjerende.."og eit krabbeteppe!



Når ein ligg på sofaen med bekkenløsning, blir ein stadig påminna kvifor ein legg der og kva ein venter på. Ein har goood tid til å tenke ut alle mulige ting ein skulle gjort og som ein kunne ha lyst til å lage til, til det velse nurket kjem.

Eg kunne tenkt meg å sydd nokre klede til han (først lært meg å sy klede!), pussa opp rommet som skal bli barnerom, mala vogga, stolen..og senga, sydd gardiner og sengesett, scrappa ultralydbilder, innreda rommet og fleire andre ting. No er det fire månader til termin, så eg har ikkje dårleg tid..men det er frustrerande når energien og tida er der, men ikkje forma.. Det var dagens hjartesukk!

Når det er sagt, så fungerer det fint å gjere ting i små porsjonar om gangen..Litt utfordrande kan det jo vere for ei utålmidig sjel som meg, men det er mykje betre enn ingenting:-)

Eg har sydd ein liten elefant, som for tida masjerer bortover sofaryggen vår...(Ei etterligning av ein elefant søstera mi hadde fått av ei venninne). Krabbeteppe er også undervegs, men eg har ikkje fått sydd på bakstykket og gjort siste finishen endå...

Ha ein herleg søndag alle sammen!!

torsdag 4. juni 2009

Blomstrande bonus..







Vi kjøpte huset vårt i november og denne våren har vi verkeleg fått oppleve ein kjempebonus som vi ikkje visste om!

Eg er ingen blomster eller hage- ekspert og i november klarte ikkje eg å tyde noko særleg ut av buskene og kvistane rundt omkring i hagen. No viser det seg at vi har ein herleg fargerik hage, med mengder av blomster i alle mogelege fargar.

Kvar veke no på våren, dukkar nye variantar opp og eg plukkar inn og gler meg over denne fantastiske bonusen!! Over seg de eit utvalg av det eg plukka inn i dag..