mandag 25. juni 2012

Nyyydeleg burger..


Sommar. Tid for lett mat, flate magar og sommervarme. Eventuelt tidenes beste heimelaga burger, ballongforma mage og heller kjølig temperatur. Det er jo ikkje så verst det heller:-)

Det er så mange fristande matbloggar rundt omkring! Det er typisk meg, når det er noko eg har lyst til å lage, å lese oppskrifter på det samme frå fleire forskjellige bloggar. Som regel blir det endelege resultatet ein salig miks. Denne gongen blei burgeren og dei deilige heimelaga hamburgerbrød frå ei oppskrift på bloggen Cafe Lemonia og ein skikkeleg god chiliaioli med sylteagurk og krydder fann eg på Spis Drikk Lev. Miksen vart, etter mi meining, nyyydeleg. Vi toppa heile junkfoodmåltidet med sprø løkringar (ikkje heimelaga) og det vart på ingen måte feil.

Det skal seiast at det var eit skikkeleg kraftig måltid dette her. Eg måtte rett og slett bruke kvelden for å klare å ete opp alt. (Klarte ikkje la vere heller for det var så godt!) Neste gong blir både burgerane og burgerbrøda litt mindre og flatere!

Eg hadde litt grovt mjøl i burgerbrøda, laga ein god porsjon og putta resten i fryseren. Perfekt med steikte fiskekaker og salat i, ein travel kvardag.

Ha ein herleg sommerkveld du som kikkar innom!

fredag 15. juni 2012

Hei igjen!

Nye kose-, lese-, leikekroken vår! Spanna frå Ikea er fulle av leiker og kassa under sofaen rommer nokre av bøkene til A.
Nydelege nattbordet etter bestemor og bestefar.
Litt rydding på bildelistene måtte til.
Det bognar verkeleg av blomster i hagen for tida. Eg plukkar inn og nyt det til det fulle.
Etter ei lita ryddeøkt vår kroppen klar for kvile igjen. Kosa meg skikkeleg med blad, kaffelatte med karamell, tørka mango og litt sjoko:) Lilla syrin var bestemor sin favoritt, så det var ekstra koseleg å setje dei på nattbordet hennar.

 Det tok si tid før neste innlegg kom gitt! Har for så vidt vore mykje rundt omkring og kikka, men ikkje kjent den store bloglysta sjølv. Forma har ikkje vore den beste i vår, men heldigvis har det vore til ei skikkeleg god sak. Det er nemleg ein liten mini som sprellar rundt inne i magen min :) Er no fem månader på veg og viss alt går etter planen kjem lillebror i oktober. Vi gleeeer oss! 

No er forma stabilisert og eg er i gang med forandringane eg har klekka ut etter x antall timar på sofaen, der eg har studert alt auge har hatt tilgang til rundt meg. Eg har lenge grubla på korleis eg skulle få til ein krok til i stova vår. Sofaen er gigantisk og heilt genial til sitt bruk, men  har liksom berre hatt ei avdeling for avslapping. 

Spisestuekroken synest eg var både mørk og litt upraktisk. MEN med skjenken i kjelleren og spisebordet snudd, vart det ein herleg liten krok til leiking, kaffidrikking og lesing. Eg er kjempefornøgd. Lampen, som tidlegare var over spisebordet må flyttast, og jammen trur eg den skal spraymalast og få ny ledning før den kjem opp igjen også. 

Det fiiine nattbordet ved sofaen var bestemor og bestefar sitt. Eg har pussa det ned og planen var at det skulle på vårt soverom. Det får stå her ei stund trur eg. Genialt til å setje kaffikoppen på og til oppbevaring av bøker, leiker osv. Dessutan er det kjempestødig om nokon skulle få lyst til å klatre litt på det :)

Ei riktig god helg til deg som kikkar innom! Vi skal i bryllup, gler oss:)