onsdag 31. desember 2008

Lopper og barndomsminner...



Ein kan vel ikkje kalle ting som ein finn i sin eigen barndomsheim for lopper?! Nei, det kaller eg barndomsminner. Med nytt hus og mykje plass er det fantastisk å få frie tøyler til å plukke med seg gode minner og ting ein har bruk for, som foreldra mine har stua vekk fordi dei ikkje lenger har bruk for det.

I heimbygda mi har kyrkja starta ein stor bruktbutikk for eit par år sidan. Der har eg vore innom når eg har vore heime, men pga plassmangel har eg stua det inn i eit skap heime hos foreldra mine. Denne gongen har eg leita det fram igjen og no skal det få bli med heim!

Vasen, gryteklutane og brødkorga med fuglen på fann eg på bruktbutikken, medan det orange sausskinnet, den raude koppen og englebilete er minner frå min og mamma sin barndomsheim.

tirsdag 30. desember 2008

Greske kjøttboller med salat, dressing og pita..


Vi er utruleg heldige i dette landet, som kan ete oss gode og mette og kose oss skikkelig med mat, eigentlig både til kvardag og fest. Etter jula er vi ekstra proppa av god og kanskje litt tung julemat. Og mat må vi jo ha og då er det kjekt at den både er lettvint å lage og lett for magen. Her kjem ei oppskrift på ein slik rett (frå ei dame på gamlejobben min!); greske kjøttboller med pita og salat. Knallgodt, lettvindt og lett i magen!

Du treng:
1 pk kjøttdeig av svin
2 (eller 3) pk gresk dressing (pulver ein kjøper i 3 pk frå Knorr)
1 pk lettrømme
salt og pepper

isbergsalat
tomat
agurk
rødløk
fetaost
oliven

pitabrød

Bland 1 pk gresk dressingpulver med svinekjøttdeiga, ha i ca. ei ts salt, 1 ts pepper og lag små kjøttbollar. Vil du ha kjøttbollane sterkere, bland i 2 pakkar dressingpulver. Steik kjøttbollane på steikepanna.
Kutt opp salat, tomat og agurk og rødløk i ringar og ha fetaost og oliven over salaten. Bland 1 pk gresk dressingpulver i en pk rømme og la det stå ei lita stund i kjøleskapet før servering.

Varm pitabrøda og fyll dei med kjøttbollar, salat og dressing eller ha brødet ved sida av.

mandag 29. desember 2008

Årets julegaveidè..




I år har eg sydd puter med bilder på til fleire venner og familie. Prøvde å tilpasse fargevalg og stil slik at det skulle passe til den enkelte. Her er eit utvalg eg knipsa før eg pakka putene inn før jul.

Nygamle stoff...


Fann desse artige stoffa i ein bruktbutikk i heimbygda mi. Vi venter på ny sofa, som eg frykter blir veldig grå samanlikna med den blomstrete (sjå forige innlegg!)..sidan den faktisk er grå og ikkje blomstrete! Kanskje blir det nokre freske puter av desse stoffa som kan fiffe opp nysofaen litt?

mandag 8. desember 2008

Små glimt frå nyhuset vårt...










Ein fatastisk fin lampefot eg fann på den lokale bruktbutikken på ei lilla heklabrikke eg fekk frå svigermor, min mann sin store kjærleik (nest etter meg, håper eg!); denne alvorleg blomstrete sofaen frå 60/70- talet, bestemor og bestefar sin gamle skjenk, adventspynta og fin, eit Ikea- skap vi fekk av sovgeren og svigerinna er mala og har fått nye knottar frå Milla Boutique, til slutt; kjøkkendøra som eg har mala med tavlemaling og nokre gløtt inn på kjøkkenet slik det ser ut i dag (Beklager dårlege bilder, er aldri heime i dagslys!)

onsdag 26. november 2008

Kjem sterkere tilbake...!


No er det pakking og vasking og flytting til den store gullmedalje her..vi flytter i morgon, driv å maler i nyhuset og skal begynne i ny jobb på mandag.

Så viser det seg at det kjem til å ta ein mnds tid før vi får internett i nyhuset, så derfor blir det nok ikkje nye innlegg med det første. MEN skal prøve å legge ut bilder av hus og oppussing så fort vi er på nett igjen!

Bildet er frå kvelden vi overtok huset. I tomt og kaldt hus med medbrakt pastasalat, hadde vi vårt første måltid i eige hus, føltes veldig BRA!

fredag 7. november 2008

Artige elefantar!


På bloggen til denne flinke dama, finn du ein konkurranse der du kan vinne ein slik elefant! Fantastisk artige syns eg:-)

tirsdag 28. oktober 2008

Har kjøpt huuuuuuus!!


Etter lange tider med leiting, vurdering, visningar, kronetelling osv, har vi faktisk kjøpt det huset vi berre ikkje har klart å få ut av tankane den siste tida. Ikkje fordi huset var kjempestort, nytt og perfekt, men fordi vi berre falt så veldig for det og fekk så ekstremt god følelse då vi var og såg på det. Tenk at huset er vårt, jippijaja!!!!

søndag 26. oktober 2008

Scrapbookingkurs...



I dag har eg vore på scrapbookingkurs! Marie Dørdal Sylta heiter dama som var så snill å hadde eit inspirerande og lærerikt kurs for oss. Sjå bloggen hennar ! Vi har reve, krølla, sverta og kosa oss skikkelig! Veldig artig å lære noko nytt:)

lørdag 25. oktober 2008

Hummer og kanari...





Det er godt innevèr, for å sei det sånn. Har sydd litt, spraya litt og kosa meg. Den gule ugla vart så einsam åleine i stua, så no har den fått selskap av to gule froskar. Dei har fått plass på eit loppis- "sølv"-fat ilag med to lysestakar som vart lilla, lys og blomster.

Det lille teppe er et forsøk på ein lappeteknikk som svigerinna mi viste meg. Har aldri vore borti slik sying før og litt skeivt blei det, men kjekt å prøve.

Eitpar nålputer som eg har sett på mange ulike bloggar. Då eg prøvde å finne kjelda, fann eg haugevis og veit ikkje kvar eg såg dei først, så det vart litt vanskeleg.

Til slutt eitpar adventshjerter, med litt fargepynt!

lørdag 18. oktober 2008

Rangi- changi...



Av og til blir eg så lei av at ting skal "matche" og får behov for nokre ekstra fargeklattar i stua. Ei brungrå kjeramikkugle frå eit loppemarked blei signalgul med litt spraylakk og puta er sydd saman av litt forskjellig stoff, blonder og band eg hadde liggande. Herleg å slå seg laus og vere litt "rang-changi" av og til. "Rangi- changi" er eit av dei artigaste orda eg veit om og det betyr "fleirfarga" på nepali.

mandag 6. oktober 2008

Ny lampe...




Kjøpte ein lampefot eg syntes var litt artig på eit loppemarked for leeenge sidan. Har pussa litt, spraymala litt og grubla på ein passande skjerm til vidunderet. I kveld har foten fått seg ein prikkete skjerm med blonder.

torsdag 25. september 2008

Rocke- besta...


Har laga ein LO med mi snille og gode bestemor. Med sjal og solbriller ein fin vårdag, vart ho ei skikkelig "rocke- besta". Ei fantastisk dame!

mandag 15. september 2008

Hummer og kanari..




Det er ikkje så ofte eg scrapper meg sjølv, men no er 28års dagen min dokumentert! Bildet er tatt før mannen og eg skulle ut og feire med middag. Puta er sydd av litt av eit gammalt laken, nokre Ikeastoff og ei stripe bomullstoff med tre korsstinghjerter på. Det lille bildet er eit resultat av eit innfall, meir eller mindre vellukka, men er frimodig nok til å vise det fram:-)

tirsdag 9. september 2008

Blått + grønt = fiiint!



Fann eit koselig tøystykke (Sånn som ein kan henge opp på ei trestang på kjøkkenet. Kva heiter det eigentleg??! Eit "pyntekjøkkenhandkle" i følge mannen min), og eit artig kakefat på ein bruktbutikk. Er godt fornøgd med fangsten og ser at eg veldig ofte fell for blå&grønne ting.

onsdag 3. september 2008

Tilbake igjen!





Det har vore ferie, det har vore skulestart og det var muligens kombinasjonen som har gjort at eg har vore i dvale, sånn hobbymessig. Men no er eg komen i gang igjen! Håper på ein god haust med tid og inspirasjon til å lage mykje artig:-)

Har scrappa eitpar bilder frå i sommer:

1) Øyvind sin første fisk i år...ei knøttandes lita småkræ (som vi sei på Sunnmøre) som vi grilla nokre minutt seinere. Heldigvis fekk han fleire så vi blei mette.

2) Pappa og mamma i djup konsentrasjon om kransekakebaking til I sitt bryllup.

fredag 18. juli 2008

Gåver til søstra mi..





Forje helg måtte søstera mi til pers i utdritningslag. Eg laga nokre gåver til ho, som ho fekk på kvelden: Veske med bilde av den komande brud og brudgom som les i bladet Bryllup, kokebok med dei beste oppskriftene mine (inkl. middagstipslite= nyttig!) og ein pose med hårstrikk og klemmer, der det står " berre Ingrid sine strikk & klemmer" (Historia bak er at eg gjennom alle tider har "stole" strikk og klemmer frå mi kjære søster, til hennar stoore irritasjon. Det var stort sett det vi krangla om då vi budde heime.) Posen kan ho brette over og late att med ein stor knapp. (Beklager uskarpe bilder!)

Til slutt eit bilde av den sjarmerande prinsessa på veg mot byen med rollerblades og gullkrone oppå hjelmen, fiiin stil..

mandag 14. juli 2008

Piknikpose...






Beklager lite aktivitet her i det siste. Har vore på motorsykkeltreff, "husmorferie" til Oslo, hatt feriegjestar og utdritningslags-helg for mi kjære søster.. så derfor!

Har blitt nokre grillturar og to telt- og lavoturar med mat og full oppakning i vår/sommer. KVAR einaste gong har eg irritert meg over at eg før avreise spring rundt i leiligheta og leitar etter plastkoppar her og bestikk der og at eg har måtta drasse med meg vanlege middagstallerkenar på grilltur til sjøen!! Liker at ting er praktiske og greie, og det er definitivt ikkje piknikutstyret vårt.

Har derfor laga ein piknikpose som eg har sydd av noko stoff eg kjøpte på Ikea. Posen er sydd som ein gammaldags gymbag med ei snurpesnor( artig ord!) i kanten oppe og festa i ei hempe nederst i posen. Kan berast som ein sekk eller over skuldra som ei veske.

Laga ei lita fora lomme utanpå til f.eks. fyrstikker eller Klinex. Inne i posen er foret utstyrt med ei lomme til plastallerkenar, ei til plastkoppar og ei til bestikket (umulig å ta bilde inne i veska, skulle ha gjort det FØR eg sydde den saman, bommert!). Då har alt sin fast plass og slepp å ligge i ein haug nedi der. Laga også ein eigen "holder til bestikket som ein skal rullast saman og knytast att med ei snor.

Hadde ikkje noka oppskrift, så klipte og sydde på måfå. Med den lille erfaringa eg har, gjekk eg på eitpar smellar, men då er det berre å gjere omatt, og eg blei greit fornøgd til slutt.

No skal eg samle piknikutstyret vårt, kjøpe plastallerkenar og berre glede med til neste grilltur!

lørdag 14. juni 2008

Endå ei albumside...


Har hatt dette bildet av bruda sjølv (sjølve grunnen til at vi reiste til Filipinene!) liggande lenge og no måtte eg berre hoppe i det.. Tittelen kjem sjølvsagt av at bruda var nydelig, og er i tillegg tittelen på ein sang som "forfulgte" oss heile turen.

(Hjerta er farga med mørk rosa glitterlim og dei to store hjerta har rosa tråd og glitterlim på seg. Paljettane er også mørk rosa, men alt dette kom vekk i scanninga.)

Med levande styrkeorkester, og mengdevis med store sommerfulgar som gjestane slapp fri, kom bruda omtrent svevande gjennom blomsterbuegangen og framover den raude løperen mot sin komande ektemann...VAKKERT er vel det rette ordet!

mandag 9. juni 2008

God bok...


Har den siste veka lese boka "Tusen strålende soler" av Khaled Hosseini. Veldig sterk bok som eg verkeleg kan anbefale..

Laga dette bokmerket på ein hobbykveld for ei stund sidan. Veldig enkelt å lage, men praktisk og mykje brukt!

torsdag 5. juni 2008

Gode havrekjeks..


I går kveld då søstera mi og eg hadde fått vår dose sol på verandaen, fann vi ut at vi ville lage havrekjeks. Sånne gode som ho mamma laga då vi var små, som ein har brunost på og kald melk eller te til. Sidan vi ikkje hadde mamma si oppskrift for hand, søkte vi på nettet og fann ei oppskrift som heitte Lises havrekjeks. Var kjappe og lage og smakte veeldig godt synes vi :-)

Har blitt litt obs på dette usunne fettet dei putter i mykje av ferdigprodukta, og då er det bedre å ha sin eigen lille kjeksboks med heimelaga kjeks!


Lises havrekjeks
250 g hvetemel
250 g store havregryn
250 g margarin
125 g sukker
1 1/2 ts hjortesalt
1 ts natron
ca. 1 dl melk

Fremgangsmåte:
Alt det tørre blandes sammen. Margarine smuldres i. Tilsett melk. Kjevle deigen ut straks og stikk ut runde kjeks med et glass. Legges på smurt plate og prikkes. Stekes ved 200 C i ca. 10 minutter.
http://www.matoppskrift.no/sider/oppskrift20502.asp

onsdag 4. juni 2008

Ny albumside..




Jobber med ein scrapbookingalbum frå turen til Filipinene i påska. Går litt seint i fineveret, men dette fruktbildet frista...