mandag 28. september 2009

Ensom elefant...




Ein nysydd elefant ventar på ein liten venn på eit nyoppussa rom..

I sommer hadde vi besøk av ein sjarmerande liten kar på 2 og eit halvt år og dei kjekke foreldra hans. Guten vart så glad i elefanten eg hadde sydd til bebisen og då han skulle reise fekk han den med seg heim til Oslo. No har eg sydd ein ny elefant som skal få lov å bli her i huset!

Den flinke handymannen min vart ferdig med babyrommet på laurdag. Listene manglar enno, men står nymala i kjelleren og kjem opp så fort dei er tørre.

Etter lange tider med søking på nettet og leiting etter barnetapet som ikkje var for nusselig, vendte eg stadig tilbake til tapeten Rush Hour. Saknar fleire variantar tapet for barn som ikkje består av teikeseriefigurar, duse pastellar o.l. Tre av veggane er tapetsert med fiberduk og mala med kvitfargen Ben (med ein nyanse grått) medan endeveggen med vindu på fekk Rush Hour- tapet. Synest resultatetet blei veldig fint og gler med til å begynne å lage til litt der inne.

Det blir nok ikkje noko typisk pastell-babyrom sidan eg er så glad i fargar.. Trur eg har bestemt med for å gå for blå, turkis og grønfargar og alle nyansar mellom dei. Skal prøve å ikkje ta heilt av..:-)

Sjølv om vesleguten skal få sove inne hos oss i laaange tider, er det veldig kjekt å ha eit babyrom til alt babystæsjet og babykleda som har samla seg her i heimen. Kjem nok til å innrede rommet sånn litt etter kvart. Tenkte å sjå meg om etter ein liten kommode som eg kan pusse opp og så har eg ståande mamma si gamle tallerkenhylle, som eg ikkje har funne plass til enda. Kanskje den finn vegen opp frå kjelleren og inn på babyrommet etter kvart?

Tek sjølvsagt imot tips og forslag til korleis innrede barnerom praktisk og fint eller gode linkar til inspirasjon!

tirsdag 22. september 2009

Litt av kvart...




No er det under ein mnd igjen til termin!! Eg er SÅ spent på tida framover og kan knapt vente på å holde han i armane mine..

Eg har laga meg ei liste med ting eg kan/ burde gjere før babyen kjem. Heldigvis er dei aller fleste babytinga er i boks. Lista er laga i tilfelle eg skulle begynne å kjede meg og så liker eg å få idèane ned på papiret slik at eg slepp å gå rundt å huske på alt mulig. Har fått litt strenge beskjedar både frå mannen min og mamma om å ikkje ta alle prosjekt på ein gong..alt er tyngre no, eg søv dårleg om natta med den store magen og blodtrykket har stige, så prøver å ha litt roligere dagar. Det gjeld å finne kjekke ting å gjere, men likevel ikkje bli for ivrig!

Litt sying har det likevel blitt! Ein undertøyspose til f.eks å ha i kofferten når ein er på tur slik at ikkje undertøyet flyt rundt, og ein skopose til finskoa. Posane er tenkt som julegåve. Idèen er ikkje sjølvpåkomen, dei sel sånne posar i butikkane rundt omkring og eg fekk lyst å lage mine eigne. Trur f.eks. Rice har liknande posar.

Har også sydd ei lita joggebukse i str. 68. Det grøne stoffet er herleg mjukt og elastisk så eg trur denne skal bli veldig behageleg for knøttet. Veldig artig å sy slike små klede!

Dei to siste bileta er frå nokre av dei nye putene i stua. Hadde eit lite raid og sydde nye putetrekk for eitpar veker sidan, så no er det overvekt av orange og blågrønt her ei stund framover.

tirsdag 8. september 2009

Ein puff blir ny..




Kjøpte denne puffen på "Gjenbruken" for ei stund sidan. Er nok litt over middels begeistra for småmøblar og spesielt puffar. Det skal liksom så lite til før dei får ny look og så er det jo SÅ praktisk; ein kan både bruke dei til lagring OG til å sitte på om det skulle trengast! Genialt! Så langt har eg dradd i hus tre gamle puffar, og trur ikkje dette blir den siste heller:-)

Det siste bildet er før- bildet og så har den fått seg to strøk med maling og lokket har eg trukke med eit av ynlingsstoffa mine (gammal duk funne på Fretex).

Fekk ikkje tatt utebilde av den ferdige puffen, pga det sidelengs regnet og stormen som herjar på ute! Skikkeleg hauststemining.