søndag 6. februar 2011

NIB- utfordring og anna stuestæsj...




Tre nye skuffer i ein mini skuffeseksjon (!) kjøpt på Nille har blitt piffa opp med pyntepapir på frontane. Ei skuffe til smukkar, ei til pennar og ei til hummer og kanari som treng å bli rydda vekk i ein fei. Den turkisblåe boksen er full av London- te og på toppen av den har to telysestakar fått plass så ikkje vesleguten skal få tak i dei. Når han er lagt kjem dei på bordet, men på dagane har dei det tryggast der oppe:).


Ombytting på ting i tallerenhylla i stua gjer susen! Eg liker å bytte om på ting og tang relativt ofte. Ting inn i skapet og ut av skapet, ting opp frå kjelleren og ned att i kjelleren. Den hadde kanskje vore fin ilag med den og då passer kanskje det til den osv. Synest rett og slett det er forfriskande å kvile augene på ei ny og fin samansetting. Og så blir eg så fornøgd når eg synest eg får det til (og lettere irritert når eg ikkje gjer det..) og seier til mannen: "Vart ikkje det fint??!". Og han er aldri negativ han, men har kanskje ikkje den heilt same iveren og gleden som meg på dette området:)

No kryssar vi fingrane for ei god veke med mykje overskudd og friske store og små! Ønsker det samme for deg som kikkar innom!

fredag 4. februar 2011

Tripp Trapp- makeover!

No er Tripp Trapp`en til Amandus kome opp frå kjelleren! Fann den på Gjenbruken då eg ca fem mnd på vei. Den var rosa og slitt, men har no fått makeover og har gjenoppstått grøn og lekker. Trur eg betalte 150 kr for den og det må jo seiast å vere eit kupp!

Den mangla dessverre bøyle og etter ein butikkrunde fann eg ut at dei ikkje lengre produserer bøyler til "gamle" Tripp Trapp- stolar. Grrr..freste kjerringa (altså eg) og syntes at dette var litt vel idiotisk.

MEN så reiste mannen på jobbkurs til Ulsteinvik og det viste seg at det lønner seg å spørre etter "gamle" Tripp Trapp- bøyler på barnebutikkar i litt mindre byar (for Ulsteinvik er faktisk ein by!). Bøylen kosta 350 kr (inkl. pruting!), så sjølv om det er litt komisk med tanke på prisen på stolen, så får vi seie oss fornøgde med den samla prisen!

Som de ser er eigaren av stolen både stolt og fornøgd med den "nye" stolen sin.