lørdag 26. mars 2011

Endeleg...

Knottar på skapet frå Grøn lykke og knaggrekke frå Tiger, begge frå høggravidturen til København.




Hylla som min farfar Amandus har laga.

Kosekrok, foreløbig for elefant og kanin..

Knagg frå Kremmerhuset som har fått papir på seg i dag.


...gjesteseng-fritt barnerom!

Det betyr også at gjesterommet i kjelleren er så godt som ferdig! Manglar siste strøk maling på eitpar veggar, for plutseleg begynte det ein landskamp:) MEN det lovd ordna på i løpet av kvelden, i alle fall viss Noreg vinn, så no heier eg for harde livet her.

1,50- gjestesenga er ute av rommet til vesleguten og komen ned i kjellergangen på vent. Den kjende tapeten Rush Hour bestilte vi og fekk opp på veggen sommaren før vesleguten vart fødd. Sjølv om eg har sett den på veeeldig mange barnerom sidan den gong, er eg framleis like glad i den og fornøgd med at vi valgte nettopp den:).

Det er ikkje rare innreiinga på barnerommet så langt, men farfar- Amandus- hylla med Blafrepapir har fått kome inn. Dei første månedane søv vesle- Amandus i ei nydeleg seng som pappa`n hans og onklane har sove i. Men når klatreferdighetene begynte å utvikle seg, gjekk vi over til glatt, høg reiseseng. Ikkje like fin, men meir praktisk og trygg akkurat no. På senga heng eit nysydd teppe med fleecebakside.

Romeigaren sjølv virka veldig fornøgd med det nye rommet sitt. Rett som det er susar han inn dit, spinn eit par rundar med leikebil og campingvogn (nyopna leike) , riv ned det eg sett opp i hylla og kvitrar glad:).

Det blir nok meir barnerom her etter kvart som vi finn gode løysningar der inne! OG forhåpentlegvis litt gjesterom også om ikkje så lenge. Hurra!!

God lørdagskveld til deg!

fredag 25. mars 2011

Så fint, så fint...





Eg såg dette lekre kaffeserviset i bruktbutikken i heimbygda mi. Synest det var SÅ fiint! Fornuften og tanken på mannens reaksjon om eg hadde kome drassande med fleire koppar bråstoppa meg. Han har nemleg ei heil kasse med krus som vi desverre ikkje har plass til andre stader enn i kjellerboda.. (les reklamekoppar o.l) og det blir eg relativt ofte minna på. Sikkert ca like ofte som eg ymter frampå om nye koppe- og krus innkjøp..:-)

Mi snille mamma hadde fått med seg at eg hadde falt for det serviset og på bursdagen min fekk eg ei bildemelding av ein av dei søte koppane. Gjett om eg vart glad! Så no er serviset mitt, heilt utan dårleg samvittighet. Herleg!

onsdag 16. mars 2011

Litt kjøkken på ein onsdag...





Nokre småglimt frå kjøkkenet vårt. Ute skin sola og det er faktisk vår i lufta, hurra!

lørdag 12. mars 2011

Spisestue...

Favorittskap i favorittfarge med favorittinnhold..


..både inni og oppå!
(Kunne ikkje fjerne Gaffateipen for bilde si skuld. Det bor tross alt to mannfolk her i huset også:))


Stort spisebord med ulike arva stolar..


Medan eg stod på ein stol for å knipse eit ovanfrå- og- ned- bilde, hadde ei lita linselus kome seg opp på bordet for vere med på bilde..:-)

Bildet på veggen fekk vi i bryllupsgave

Gammal stol som eg heime hos mamma og pappa. Synes den er så fiin!


"Spisestue" høres både fint og litt høgtidleg ut og eg synes eigentleg ikkje det passer til den delen av stua vår der vi har spisebordet.. Eg har vist fram denne delen av stua før, men det var så herleg å dsjå agslyset her inne igjen at eg fekk lyst å knipse nokre bilder i formiddag.

Vitrineskapet er ein gammal Ikea- modell som svogeren og svigerinna mi ikkje lengre hadde bruk for. Det blei mala i favorittfargen og nye knottar vart sett på. For tida er det fylt med knuselige skattar og tjora igjen med eit hårstrikk til veslegutens store fortvilelse.

Spisebordet og skjenken er frå rett etter krigen og det har vore bestemor og bestefar sitt. Er så glad for at vi har fått det. Inne i skjenken er hyllepapiret til bestemor framleis inntakt, koseleg!
Ellers så er eg litt usikker på om bordet (som no er svart) skal bli kvitt, og om eg skal male skjenken i samme slengen. Vi får sjå når våren kjem!

Den gule lampen er frå eit loppemarked og eg må sei meg ganske så fornøgd med den:-)

I dag har det snødd og hagla, men heldigvis har vi også sett sola og hørt fuglane synge så vi er ved godt mot!

Fortsatt god helg til dei som kikkar innom!

fredag 11. mars 2011

Superheltar...

Det susar og går her hos oss og denne veka har vesleguten vore på sitt første karneval i barnehagen. Tips til utkledning fann eg på Listebloggen og det var genialt for ein liten tass som ikkje likar å ha nokon på hovudet eller ikkje står stille lenge nok til at han kan bli mala i ansiktet. I tillegg er antrekket komfortabelt for mini-Supermann sjølv, heimesnekra og laga av det vi hadde i hus og derfor så godt som gratis. Eg klipte av fronten på ein supermannbabydress i str. 56 og sydde den på ein litt liten raud body. Blå superheltkappe er blått velurstoff som er rynka og sydd på bodyen med ein enkel saum. Bodyen utanpå strømpebuksa og vips: verdens søtaste Supermann!

Mamma`n til Supermann er Pippi..i vert fall i vår familie:) Med heimesydd Pippikjole og strømper, streng i flettene, mannen sine finsko og lommene fulle av gullpengar må eg sei eg trivdes godt som min barndoms heltinne. Må innrømme at eg falt for fristelsen og løfta eitpar små elevar høgt oppe i lufta, då dei prøvde seg med at eg sikkert ikkje var like sterk som den ekte Pippi..:) Artig med karneval!
Posted by Picasa