tirsdag 11. oktober 2011

Marlene M


Nyydeleg cafè au lait sett frå Marlene M. Tvillingsøstrene frå Bergen har verkeleg fått det til. Perfekt form, farge og design i mine auger. Butikk i Bergen og nettbutikk her. Vel verdt eit besøk!

lørdag 10. september 2011

Barnerom...





Det blei visst ein litt vel lang pause dette her! Har ikkje brukt mykje tid på blogging og data generelt, i det siste, og har tenkt på å gi meg med blogginga. Det er ikkje det at interessen har avtatt, heller det at tida ikkje strekk til. Eg har begynt eit nytt skuleår med full jobb i ei førsteklasse. Med full aktivitet på heimebane i tillegg blir det nok ikkje så tett mellom innlegga framover.  Ser det an litt etter kvart om eg gir meg heilt eller ikkje.


Når det er sagt så vil eg vise nokre bilder frå minien sitt rom. Har fått opp to "nye" lampar der inne. Kulelampen er kjøpt på bruktbutikken i heimbygda mi for 50 kr. Taklampen hang i huset vårt då vi kjøpte det og etter ein idè frå Rom123 har den fått trekuler i ulike fargar på ledninga og grønmala ring rundt skjermen. Blei skikkeleg fornøgd om eg skal seie det sjølv :-) . No er det ein bildevegg som er planen. Satser på å få den i havn før jul ;-) !

Fortsatt god helg til deg som er innom!

fredag 8. juli 2011

MAAAT!!...

                                               Potetsalat, tomatkompott og feta-og sitrondipp

                                                   Melon-og bringebærsalat og foccatia.

                                                                    Oksespyd og kyllingspyd.

...roper eitt-og-eit-halvt-åringen og kjem springande ut på kjøkkenet. Kven er han lik, skal tru? Kan det vere mora ;-)?

Eg er nok over middels glad i mat og også over middels glad i å lage mat, i alle fall når eg har tid og overskudd:-) Etter at ferien begynte har eg virkeleg fått testa ut litt på kjøkkenet. I ein travel kvardag blir ikkje utprøving av nye oppskrifter høgt prioriert, så no var det kjekt å prøve noko nytt igjen! Denne gongen var det alternativ til pølse, kotelettar, potetsalat med rømme og grønn salat med dei vanlege ingrediensane, eg var ute etter..

Nokre oppskrifter frå Bolig Liv/ ROM123, ei frå Bolig pluss, ei oppskrift frå Sweet Paul i KK og to eg hadde frå før, vart etter nokre timars kokkelering, eit herleg måltid. Med mamma, søstra, mannen, minien og meg sjølv som testpanel vart vi einige om at dei nye oppskriftene glatt kunne leggast til grillrepotuaret. Men trur ikkje eg gidd å lage alt samtidig på ei stund igjen enda :-)

Potetsalat med dill, mandlar og parmesan, feta og sitrondip, søt tomatkompott, melon og bringebærsalat, grillspyd med yoghurtmarinert (+ indiske krydder) oksekjøtt, lime/garam masala- marinert kyllingspyd og foccatia.  Mange spennande smakar!

Ha ein fin sommerkveld der ute!

lørdag 11. juni 2011

Tunfiskrøre og frokostdessert...






 Det er så godt med slike fredlege morgonar. Ikkje fredleg i den forstand at ein kan sove til ein sjølv vaknar, men meir det å ha tid til å dekke skikkelig frokostbord, lage god frokost og ete, slappe av og kose seg ilag. Utan tidsskjema. Det er ein god start på dagen det. I dag fekk eg lyst på tunfiskrøre, og på varme rundstykker var det dirkete nydeleg. Dei to andre rundt bordet var visst einige og vi gomla og kosa oss alle tre. 

Noko av luksusen med slike helgefrokostar er at vi unner oss "frokostdessert". I dag var det kaffelatte og heimelaga cookies, ikkje daglegdags og dermed ekstra luksuriøst for oss her i heimen :-).

Her er ca.- oppskrift på tunfiskrøra om noko er interessert:

Tunfisk på boks
hakka rødløk
paprika i små bitar
litt mais
litt rømme
litt meir majones
litt salt
meir pepper
enda meir karri

Bland saman, less på varme rundstykker ilag med salat og tomat og nyyyyt!

Ha ein fiiin laurdag!

torsdag 9. juni 2011

Litt stueoppfrisking og batterilading...


Det blei omsider litt stueoppfrisking her hos oss. Ting tar tid og blogging har ikkje vore høgt prioritert i den travle kvardagen.  No har kroppen gitt sine signal på at det er på tide å slappe av og derfor har eg hatt eitpar rolege dagar og lada batteriet. Då fekk eg også tatt meg ein liten knipserunde :-) .

søndag 29. mai 2011

Aktiv matros..

..av med lokket, oppi puffen, sette seg ned, dukke opp igjen, klatre ut, klatre oppi igjen. Minien var i full aktivitet på rommet sitt etter endt dag med konfirmasjon iført matrosdress. Var visst mykje som skulle ordnast der inne før han var klar for kveldsgrauten:) Skjønningen!!

søndag 15. mai 2011

Paris love og Dynamitt- Harry...




Paris love - bildet og det blomstrete stoffet er nyanskaffelsar til stua. Føler for å friske opp litt, og helst på ein kjapp og alldeles nydelig måte. Det er jammen lettere sagt enn gjort.. Men eg synest dette bildet var veldig tøft og blei inspirert til å dra inn litt rosa og rødt i stua igjen. Er ikkje så mykje av det ellers her, men no er det jo vår og då er det lov å gå litt amok med fargane! (Er vel strengt tatt det ellers i året også..). Fann det fine stoffet på bruktbutikken i påska. Blått går alltid igjen hos oss. Perfekt til ei pute i sofaen. Satsar no på stueoppfrisking!

Den store dynamittkassa som den vesle dynamitt- Harryen sitt oppe i, fann vi i kjelleren vår. Fekk den tydelegvis med på kjøpet då vi kjøpte huset vårt. Var eindel sementrestar i den, men reingjering pågår og hjula er kjøpt inn, så eg trur det kan bli riktig så bra.

No ventar senga og videre ei ny arbeidsveke med eit herleg avbrudd på tirsdag. Minien har fått ny matrosdress og har vifta med flagg og ropt heia heia i mange dagar allereie. Klinkande klar for sin andre 17. mai med andre ord. Trur det kan bli artig eg!

fredag 6. mai 2011

For tida...


...plukker vi inn vårblomstrar frå eigen hage, utforskar nærområdet i strømpebukse og nye joggesko, finn nye bildefavorittar og anna knas til det nye gjesterommet i kjelleren og lagar mengder av smoothies i den nye blenderen vår.

Vi har det godt!

lørdag 30. april 2011

Luke karse...



 ..må gjerast det òg! Og den som har planta karsen tar seg av lukinga sjølv :-)

lørdag 16. april 2011

Prosjekt, prosjekt...

Det er alltid eit eller fleire prosjekt på gang i heimen. MEN det tar si tid! No er det gjesterommet i kjelleren som surrer rundt i topplokket.. Der er eindel blå -og lillanyansar for tida. Er så FINT synes eg!

Ellers er det påskeferie i heimen og det er jo rett og slett heilt fantastisk deilig!

God helg til deg!

søndag 10. april 2011

Hmmm, interessant...

Jammen var det ikkje så vanskeleg å få store bilder på bloggen! Eitpar klikk av min hjelpsomme mann var nok, så kom det opp store, fine bilder. No er det slutt på mikroskopiske bilder her i gården! 

Synes dette bildet av skjønningen vår matcha tittelen bra. Den kjempefine Mariusgenseren har mamma strikka og den er bruk kvar dag.

Ha ei god veke, snart er det påske, yeah!!


torsdag 7. april 2011

Bestefarhylle...



Det har kome opp ei hylle på vesleguten sitt rom og den har bestefaren hans laga på sløyden! Eg redda den ut av mørkekjelleren heime hos mamma og pappa i jula. Trur kanskje ikkje pappa hadde trudd at nokon ville henge den opp på veggen igjen:) Synes den var fin eg!

Fiiin kveld til deg!

lørdag 2. april 2011

Tapas light...




Tapas light, kaller vi det: Kjøttbollar med feta og choritzo, tzatziki, focaccia og deilig salat. Nokre kjeks og ost blei det også i dag, men som regel er det bytta ut med bacondadlar. Bacondadlane hever etter mi meining tapas light`en til nye høgder! Dette var var altså kveldens meny.

Ellers har vi ikkje ligge på latsida her i dag, men fiksa og ordna på rommet til vesleguten, handla lister og mailing til gjesterommet og div. andre prosjekt. Håper å kunne vise til resultat om ikkje så lenge!

Fortsatt god helg til deg som ser innom!

lørdag 26. mars 2011

Endeleg...

Knottar på skapet frå Grøn lykke og knaggrekke frå Tiger, begge frå høggravidturen til København.




Hylla som min farfar Amandus har laga.

Kosekrok, foreløbig for elefant og kanin..

Knagg frå Kremmerhuset som har fått papir på seg i dag.


...gjesteseng-fritt barnerom!

Det betyr også at gjesterommet i kjelleren er så godt som ferdig! Manglar siste strøk maling på eitpar veggar, for plutseleg begynte det ein landskamp:) MEN det lovd ordna på i løpet av kvelden, i alle fall viss Noreg vinn, så no heier eg for harde livet her.

1,50- gjestesenga er ute av rommet til vesleguten og komen ned i kjellergangen på vent. Den kjende tapeten Rush Hour bestilte vi og fekk opp på veggen sommaren før vesleguten vart fødd. Sjølv om eg har sett den på veeeldig mange barnerom sidan den gong, er eg framleis like glad i den og fornøgd med at vi valgte nettopp den:).

Det er ikkje rare innreiinga på barnerommet så langt, men farfar- Amandus- hylla med Blafrepapir har fått kome inn. Dei første månedane søv vesle- Amandus i ei nydeleg seng som pappa`n hans og onklane har sove i. Men når klatreferdighetene begynte å utvikle seg, gjekk vi over til glatt, høg reiseseng. Ikkje like fin, men meir praktisk og trygg akkurat no. På senga heng eit nysydd teppe med fleecebakside.

Romeigaren sjølv virka veldig fornøgd med det nye rommet sitt. Rett som det er susar han inn dit, spinn eit par rundar med leikebil og campingvogn (nyopna leike) , riv ned det eg sett opp i hylla og kvitrar glad:).

Det blir nok meir barnerom her etter kvart som vi finn gode løysningar der inne! OG forhåpentlegvis litt gjesterom også om ikkje så lenge. Hurra!!

God lørdagskveld til deg!

fredag 25. mars 2011

Så fint, så fint...





Eg såg dette lekre kaffeserviset i bruktbutikken i heimbygda mi. Synest det var SÅ fiint! Fornuften og tanken på mannens reaksjon om eg hadde kome drassande med fleire koppar bråstoppa meg. Han har nemleg ei heil kasse med krus som vi desverre ikkje har plass til andre stader enn i kjellerboda.. (les reklamekoppar o.l) og det blir eg relativt ofte minna på. Sikkert ca like ofte som eg ymter frampå om nye koppe- og krus innkjøp..:-)

Mi snille mamma hadde fått med seg at eg hadde falt for det serviset og på bursdagen min fekk eg ei bildemelding av ein av dei søte koppane. Gjett om eg vart glad! Så no er serviset mitt, heilt utan dårleg samvittighet. Herleg!

onsdag 16. mars 2011

Litt kjøkken på ein onsdag...





Nokre småglimt frå kjøkkenet vårt. Ute skin sola og det er faktisk vår i lufta, hurra!

lørdag 12. mars 2011

Spisestue...

Favorittskap i favorittfarge med favorittinnhold..


..både inni og oppå!
(Kunne ikkje fjerne Gaffateipen for bilde si skuld. Det bor tross alt to mannfolk her i huset også:))


Stort spisebord med ulike arva stolar..


Medan eg stod på ein stol for å knipse eit ovanfrå- og- ned- bilde, hadde ei lita linselus kome seg opp på bordet for vere med på bilde..:-)

Bildet på veggen fekk vi i bryllupsgave

Gammal stol som eg heime hos mamma og pappa. Synes den er så fiin!


"Spisestue" høres både fint og litt høgtidleg ut og eg synes eigentleg ikkje det passer til den delen av stua vår der vi har spisebordet.. Eg har vist fram denne delen av stua før, men det var så herleg å dsjå agslyset her inne igjen at eg fekk lyst å knipse nokre bilder i formiddag.

Vitrineskapet er ein gammal Ikea- modell som svogeren og svigerinna mi ikkje lengre hadde bruk for. Det blei mala i favorittfargen og nye knottar vart sett på. For tida er det fylt med knuselige skattar og tjora igjen med eit hårstrikk til veslegutens store fortvilelse.

Spisebordet og skjenken er frå rett etter krigen og det har vore bestemor og bestefar sitt. Er så glad for at vi har fått det. Inne i skjenken er hyllepapiret til bestemor framleis inntakt, koseleg!
Ellers så er eg litt usikker på om bordet (som no er svart) skal bli kvitt, og om eg skal male skjenken i samme slengen. Vi får sjå når våren kjem!

Den gule lampen er frå eit loppemarked og eg må sei meg ganske så fornøgd med den:-)

I dag har det snødd og hagla, men heldigvis har vi også sett sola og hørt fuglane synge så vi er ved godt mot!

Fortsatt god helg til dei som kikkar innom!

fredag 11. mars 2011

Superheltar...

Det susar og går her hos oss og denne veka har vesleguten vore på sitt første karneval i barnehagen. Tips til utkledning fann eg på Listebloggen og det var genialt for ein liten tass som ikkje likar å ha nokon på hovudet eller ikkje står stille lenge nok til at han kan bli mala i ansiktet. I tillegg er antrekket komfortabelt for mini-Supermann sjølv, heimesnekra og laga av det vi hadde i hus og derfor så godt som gratis. Eg klipte av fronten på ein supermannbabydress i str. 56 og sydde den på ein litt liten raud body. Blå superheltkappe er blått velurstoff som er rynka og sydd på bodyen med ein enkel saum. Bodyen utanpå strømpebuksa og vips: verdens søtaste Supermann!

Mamma`n til Supermann er Pippi..i vert fall i vår familie:) Med heimesydd Pippikjole og strømper, streng i flettene, mannen sine finsko og lommene fulle av gullpengar må eg sei eg trivdes godt som min barndoms heltinne. Må innrømme at eg falt for fristelsen og løfta eitpar små elevar høgt oppe i lufta, då dei prøvde seg med at eg sikkert ikkje var like sterk som den ekte Pippi..:) Artig med karneval!
Posted by Picasa