søndag 30. mai 2010

Babyreisestol...










Eg har sydd ein babyreisestol!

Det er ikkje overalt kvar ein kjem dei har babystolar. Og med ein liten kar som helst både skal holde skeia og banana sjølv, kan det vere ei viss utfordring å ha han på fanget når han skal ete. Stolen tar liten plass i veska og er på den måten grei å ha med seg på besøk eller på bytur.

Eg fekk tipset og mønster til stolen av ei venninne, og sidan eg ikkje hadde sett ein slik stol før, forklarte ho meg korleis den skulle sjå ut. Litt usikker på om resultatet er slik som den opprinnelig skulle vere, men trur det vart sånn ca.

No er babyreisestolen ferdig og Amandus har testa den ut her heime. Han var ikkje heilt villig til å sitte i den med ein gong, men med litt avledningsmanøver og hjelp av ein tøysete pappa, gløymte han at han ikkje ville sitte der og heller smilte og lo.

onsdag 26. mai 2010

Vi lever!


..og har det BRA!

Sjølv om det på bloggen ser ut som vi har forsvunne i lause lufta. Det er lite tid som blir brukt framfor dataen for tida. Tenker i ny og ne, at DET hadde det vore kjekt å laga eit innlegg om på bloggen, men det har blitt med tanken.

Vil ikkje love gull og grøne skogar for tida framover, men har som mål og vere litt flinkere enn eg har vore i det siste.

Det er så herleg å nyte våren, veret og ikkje minst go-guten vår at det nok blir høgast prioritert framover også:-)

Ha ein herleg dag alle sammen!

onsdag 3. mars 2010

I gang...




Eg er i gang med yttergangen! Eit lite kvitt rom, som eg synest det er vanskeleg å gjere noko med.. No har eg i alle fall fått hengt opp noko på den eine veggen.

Er så glad for at mannen min i mange år har tatt vare på desse gamle skilta frå ein bensinstasjon! Synes dei er så artige!

torsdag 18. februar 2010

Morsdag, middagsanbefaling og mammagutt...



a
Medan de fleste andre for lengst er ferdige med helgas bloggtema, ligg eg ein smule etter..Vi har hatt litt basseluskar i hus denne veka og ikkje hatt det heilt store overskuddet. Men no er minsten frisk og rask igjen, hurra for det!

Eg hadde min første morsdag og fekk herleg fargerike tulipanar frå gutane mine. Har funne fram igjen tavla med det storblomstra grøne stoffet på og synest blomane gjorde seg veldig ilag med den.

På søndag hadde vi noko herleg til middag som eg verkeleg vil anbefale å prøve! Kylling, chili, poteter, løk og herleg choritzopølse+++ i form i ovnen- fantastisk! Oppskrifta finn du på Trines mektige matblogg . Då middagen var ferdig, var vi så svoltne at eg heilt gløymte å ta bilde. Det de ser her, er ein rest som vart att til kvelds:-)

Til slutt eit lite bilete av mammaguten og mamma`n på morsdagen.

torsdag 11. februar 2010

Gåve til ei bestemor!







Til mamma sin bursdag, laga eg desse "bestemor- effektane".. Trur ho saknar det einaste barnebarnet sitt dagleg og til bursdagen laga eg nokre ting som det viste seg at bestemora sette stor pris på.

Eit lite album med bilder av gullungen med foreldre og besteforeldre. Albumet er laga av tjukk papp som eg har delt opp, mala, sverta med stempel og dekorert med bilder og pynt. Det kan stå av seg sjølv og på den måten fungere som ei ramme, der ein kan bytt på kva bilder ein vil ha framme. Viser eit utvalg av sidene her.

Ei pute med bilde av gullungen der eg har brukt idèar frå scrapbookng til å pynte opp. Eg har printa ut bildet på printerpapir som ein kan stryke over på stoff for å få det på puta.

Sjølv om ho fekk gåva då vi var der på besøk forrige veke er det i dag ho har bursdag. GRATULERER MED DAGEN MAMMA!

tirsdag 12. januar 2010

Nytt år - nye muligheter!







Godt nytt år! Det var ikkje planen at blogpausen min skulle vare SÅ lenge. Når ein først har vore vekke ei stund, er bøygen med å kome i gang ekstra stor å kome over. MEN etter å ha tatt ein runde og sett på alt det inspirerende dykk alle har kome opp med medan eg har vore fråverande, fekk eg eit spark bak til å poste årets første innlegg.

Det er herlig å kunne begynne på nytt med eit nytt år. Vi rydda vekk jula i heimen i helga og eg kosa meg med å finne fram det forfriskande turkise og gule frå skapa! Reolen kjøpte vi i haust ein gong og eg synest den gjorde seg godt i stua. Den turkise termosen er frå Rice og den tøffe motorsykkel- sparebøssa fekk Amandus til jul av nokre "motorsykkel- venner" av oss. Den gule vasen fekk eg i innflytningsgåve av mi kjære søster for eit års tid sidan. Ellers har den gule ugla funne vegen tilbake i stua..synest den er så herlig!

Kunne ikkje la vere å ta med eit bilde av han som har opptatt det meste av tid og tankar dei siste to månedane..go`guten vår!

tirsdag 3. november 2009

Endeleg kom han!


Då er ventetida endeleg forbi og eg sitt med verdas skjønnaste vesle gut i armane. Født 29.10.09, kl 0524, 4160 g og 52 cm.

Han har fått namnet Amandus, etter min farfar som eg desverre aldri fekk møte. No går det i byssing, bleieskift og amming her i huset og vi gjer vårt beste for å finne ut korleis vi kan gjere det beste for denne lille karen.

Mulig det blir litt lite interiør - og hobbyblogging i nærmaste framtid, men får heller kome sterkere tilbake når ting har gått seg litt til her. Takk for oppmuntrande ord og kommentarar den siste lange ventetida!
Posted by Picasa