mandag 23. august 2010
fredag 13. august 2010
Gammalt og nytt i sommer
Sommeren er på hell og det har blitt liiite blogging på meg i det siste. Lille A har kome seg opp på to bein (riktig nok med holdehjelp!)og har som hovedinteresse for tida å rasere.. Dukar flyg veggemellom, lysestakar likeså og plantene blir ribba for blomster. Han er så artig med alt han finn på og utforsker med enorm entusiasme og iver. Men må innrømme at mora blir reint svett..:-)
Ellers har eg endeleg fått opp lampen eg fann på loppemarked i vår! Den egentlige planen var å spraye den, men fann ut at den skal få henge litt slik som den er først..og kanskje blir den hengande slik?
Eit nytt bilde har kome opp på veggen. Liker det så godt!
Hylla er til lille A sitt rom og er laga av min farfar som A er oppattkalla etter. Har kledd hyllene inni med herleg robotpapir frå Blafre. Eit gjesterom er på vei i kjelleren og når det er ferdig skal A få rommet sitt igjen og oldefarhylla kan flytte inn. Blir sååå bra!
Håper det ikkje blir kjempelenge til eg kan kome tilbake med bilder frå det nye gjesterommet! Det satser vi på.
God helg til dokke!
onsdag 7. juli 2010
Glimt frå heimen...
God kveld til dokke alle!
søndag 27. juni 2010
Spisestue i endring,..
Etter..
Endeleg har eg kome i gang med spisestua! Er litt feil å kalle det spisestua for det er berre ein krok i stua. Ein krok eg ikkje har via så mykje oppmerksomhet, men i det siste har eg kjent at her trengs det verkeleg ei oppfrisking. Den er blass og litt kjedelig stakkars... Eg har grubla eindel og plukka opp/hatt ulike idèar: nye gardiner, ny lampe, evt. spraymale ein loppislampe gul, malestuebordet og stolane, ulike stolar i ulike fargar, male skjenken svart (hører opprinnleg til bordet og stolane) eller male den kvit, eller ein anna sprekere farge.
Mi utfordring er at eg er kjempeglad i fargar, samtidig som eg liker veldig godt å bytte om på ting og fargar i heimen. Hadde eg mala skjenken gul, hadde det garantert irritert meg f.eks. i jula..for å sette det litt på spissen. Då gjeld det å halde basen i rolige fargar og heller sette farge på det eg kan bytte ut, har eg hørt.. Men det kan fort bli litt kjedelig, i alle fall har det blitt det i denne kroken synest eg.
Er fornøgd med den første endringa, som er dei kjempekjekke bildelistene frå IKEA. Medan eg venter på fleire familiebilder, har eg sett opp litt hummer og kanari. Synest det friska opp allereie eg! Desse geniale listene, fyller kriteria mine fullt ut: det kan plasserast mykje fint og artig oppå dei, samtidig som eg kan bytte ut når det passer meg!
Eg vil veldig gjerne ha tips om kva meir eg kan gjere med denne oversette kroken i stua! Har f. eks. veldig lyst på ein tøff lampe som gir kroken litt meir særpreg, men som lett kan kombinerast med det meste.
onsdag 2. juni 2010
Latte pronto...
Eg vil på ingen måte kalle meg sjølv ei by- jente, snarere tvert imot. Men visse varige mèn har eg fått etter eindel år i Bergen by. Det var nemlig der eg verkeleg fekk smaken på kaffe og ikkje minst den ekstra herlege kaffe latte- en. No har vi vent tilbake til bygda og eg drøymer om at den fine bygda vi bor i snart skal få seg ein koseleg kafè der dei serverer deeeilig kaffe latte og f.eks. muffins:-) DET hadde vore noko det!
Medan eg venter, kan eg leike kafè her heime hos meg sjølv. Kjempefornøgd med den nye Latte pronto-en min, som eg fekk til 30 års dagen min (dvs kjøpte for pengar eg fekk). Den varmer og skummer melk, slik at eg kan lage skikkelig kaffe latte med herleg skum på toppen på ein- to- tre! Med brunt sukker i skuffa og dilla på å bake ulike muffins og cupkakes, så blir det reine kafèsteminga i heimen.
Kaffe latte med ein stor oreo- muffins til! Mmmmm...
søndag 30. mai 2010
Babyreisestol...
Eg har sydd ein babyreisestol!
Det er ikkje overalt kvar ein kjem dei har babystolar. Og med ein liten kar som helst både skal holde skeia og banana sjølv, kan det vere ei viss utfordring å ha han på fanget når han skal ete. Stolen tar liten plass i veska og er på den måten grei å ha med seg på besøk eller på bytur.
Eg fekk tipset og mønster til stolen av ei venninne, og sidan eg ikkje hadde sett ein slik stol før, forklarte ho meg korleis den skulle sjå ut. Litt usikker på om resultatet er slik som den opprinnelig skulle vere, men trur det vart sånn ca.
No er babyreisestolen ferdig og Amandus har testa den ut her heime. Han var ikkje heilt villig til å sitte i den med ein gong, men med litt avledningsmanøver og hjelp av ein tøysete pappa, gløymte han at han ikkje ville sitte der og heller smilte og lo.
onsdag 26. mai 2010
Vi lever!
..og har det BRA!
Sjølv om det på bloggen ser ut som vi har forsvunne i lause lufta. Det er lite tid som blir brukt framfor dataen for tida. Tenker i ny og ne, at DET hadde det vore kjekt å laga eit innlegg om på bloggen, men det har blitt med tanken.
Vil ikkje love gull og grøne skogar for tida framover, men har som mål og vere litt flinkere enn eg har vore i det siste.
Det er så herleg å nyte våren, veret og ikkje minst go-guten vår at det nok blir høgast prioritert framover også:-)
Ha ein herleg dag alle sammen!
Abonner på:
Kommentarer (Atom)