lørdag 10. september 2011

Barnerom...





Det blei visst ein litt vel lang pause dette her! Har ikkje brukt mykje tid på blogging og data generelt, i det siste, og har tenkt på å gi meg med blogginga. Det er ikkje det at interessen har avtatt, heller det at tida ikkje strekk til. Eg har begynt eit nytt skuleår med full jobb i ei førsteklasse. Med full aktivitet på heimebane i tillegg blir det nok ikkje så tett mellom innlegga framover.  Ser det an litt etter kvart om eg gir meg heilt eller ikkje.


Når det er sagt så vil eg vise nokre bilder frå minien sitt rom. Har fått opp to "nye" lampar der inne. Kulelampen er kjøpt på bruktbutikken i heimbygda mi for 50 kr. Taklampen hang i huset vårt då vi kjøpte det og etter ein idè frå Rom123 har den fått trekuler i ulike fargar på ledninga og grønmala ring rundt skjermen. Blei skikkeleg fornøgd om eg skal seie det sjølv :-) . No er det ein bildevegg som er planen. Satser på å få den i havn før jul ;-) !

Fortsatt god helg til deg som er innom!

fredag 8. juli 2011

MAAAT!!...

                                               Potetsalat, tomatkompott og feta-og sitrondipp

                                                   Melon-og bringebærsalat og foccatia.

                                                                    Oksespyd og kyllingspyd.

...roper eitt-og-eit-halvt-åringen og kjem springande ut på kjøkkenet. Kven er han lik, skal tru? Kan det vere mora ;-)?

Eg er nok over middels glad i mat og også over middels glad i å lage mat, i alle fall når eg har tid og overskudd:-) Etter at ferien begynte har eg virkeleg fått testa ut litt på kjøkkenet. I ein travel kvardag blir ikkje utprøving av nye oppskrifter høgt prioriert, så no var det kjekt å prøve noko nytt igjen! Denne gongen var det alternativ til pølse, kotelettar, potetsalat med rømme og grønn salat med dei vanlege ingrediensane, eg var ute etter..

Nokre oppskrifter frå Bolig Liv/ ROM123, ei frå Bolig pluss, ei oppskrift frå Sweet Paul i KK og to eg hadde frå før, vart etter nokre timars kokkelering, eit herleg måltid. Med mamma, søstra, mannen, minien og meg sjølv som testpanel vart vi einige om at dei nye oppskriftene glatt kunne leggast til grillrepotuaret. Men trur ikkje eg gidd å lage alt samtidig på ei stund igjen enda :-)

Potetsalat med dill, mandlar og parmesan, feta og sitrondip, søt tomatkompott, melon og bringebærsalat, grillspyd med yoghurtmarinert (+ indiske krydder) oksekjøtt, lime/garam masala- marinert kyllingspyd og foccatia.  Mange spennande smakar!

Ha ein fin sommerkveld der ute!

lørdag 11. juni 2011

Tunfiskrøre og frokostdessert...






 Det er så godt med slike fredlege morgonar. Ikkje fredleg i den forstand at ein kan sove til ein sjølv vaknar, men meir det å ha tid til å dekke skikkelig frokostbord, lage god frokost og ete, slappe av og kose seg ilag. Utan tidsskjema. Det er ein god start på dagen det. I dag fekk eg lyst på tunfiskrøre, og på varme rundstykker var det dirkete nydeleg. Dei to andre rundt bordet var visst einige og vi gomla og kosa oss alle tre. 

Noko av luksusen med slike helgefrokostar er at vi unner oss "frokostdessert". I dag var det kaffelatte og heimelaga cookies, ikkje daglegdags og dermed ekstra luksuriøst for oss her i heimen :-).

Her er ca.- oppskrift på tunfiskrøra om noko er interessert:

Tunfisk på boks
hakka rødløk
paprika i små bitar
litt mais
litt rømme
litt meir majones
litt salt
meir pepper
enda meir karri

Bland saman, less på varme rundstykker ilag med salat og tomat og nyyyyt!

Ha ein fiiin laurdag!

torsdag 9. juni 2011

Litt stueoppfrisking og batterilading...


Det blei omsider litt stueoppfrisking her hos oss. Ting tar tid og blogging har ikkje vore høgt prioritert i den travle kvardagen.  No har kroppen gitt sine signal på at det er på tide å slappe av og derfor har eg hatt eitpar rolege dagar og lada batteriet. Då fekk eg også tatt meg ein liten knipserunde :-) .

søndag 29. mai 2011

Aktiv matros..

..av med lokket, oppi puffen, sette seg ned, dukke opp igjen, klatre ut, klatre oppi igjen. Minien var i full aktivitet på rommet sitt etter endt dag med konfirmasjon iført matrosdress. Var visst mykje som skulle ordnast der inne før han var klar for kveldsgrauten:) Skjønningen!!

søndag 15. mai 2011

Paris love og Dynamitt- Harry...




Paris love - bildet og det blomstrete stoffet er nyanskaffelsar til stua. Føler for å friske opp litt, og helst på ein kjapp og alldeles nydelig måte. Det er jammen lettere sagt enn gjort.. Men eg synest dette bildet var veldig tøft og blei inspirert til å dra inn litt rosa og rødt i stua igjen. Er ikkje så mykje av det ellers her, men no er det jo vår og då er det lov å gå litt amok med fargane! (Er vel strengt tatt det ellers i året også..). Fann det fine stoffet på bruktbutikken i påska. Blått går alltid igjen hos oss. Perfekt til ei pute i sofaen. Satsar no på stueoppfrisking!

Den store dynamittkassa som den vesle dynamitt- Harryen sitt oppe i, fann vi i kjelleren vår. Fekk den tydelegvis med på kjøpet då vi kjøpte huset vårt. Var eindel sementrestar i den, men reingjering pågår og hjula er kjøpt inn, så eg trur det kan bli riktig så bra.

No ventar senga og videre ei ny arbeidsveke med eit herleg avbrudd på tirsdag. Minien har fått ny matrosdress og har vifta med flagg og ropt heia heia i mange dagar allereie. Klinkande klar for sin andre 17. mai med andre ord. Trur det kan bli artig eg!

fredag 6. mai 2011

For tida...


...plukker vi inn vårblomstrar frå eigen hage, utforskar nærområdet i strømpebukse og nye joggesko, finn nye bildefavorittar og anna knas til det nye gjesterommet i kjelleren og lagar mengder av smoothies i den nye blenderen vår.

Vi har det godt!