mandag 25. juni 2012

Nyyydeleg burger..


Sommar. Tid for lett mat, flate magar og sommervarme. Eventuelt tidenes beste heimelaga burger, ballongforma mage og heller kjølig temperatur. Det er jo ikkje så verst det heller:-)

Det er så mange fristande matbloggar rundt omkring! Det er typisk meg, når det er noko eg har lyst til å lage, å lese oppskrifter på det samme frå fleire forskjellige bloggar. Som regel blir det endelege resultatet ein salig miks. Denne gongen blei burgeren og dei deilige heimelaga hamburgerbrød frå ei oppskrift på bloggen Cafe Lemonia og ein skikkeleg god chiliaioli med sylteagurk og krydder fann eg på Spis Drikk Lev. Miksen vart, etter mi meining, nyyydeleg. Vi toppa heile junkfoodmåltidet med sprø løkringar (ikkje heimelaga) og det vart på ingen måte feil.

Det skal seiast at det var eit skikkeleg kraftig måltid dette her. Eg måtte rett og slett bruke kvelden for å klare å ete opp alt. (Klarte ikkje la vere heller for det var så godt!) Neste gong blir både burgerane og burgerbrøda litt mindre og flatere!

Eg hadde litt grovt mjøl i burgerbrøda, laga ein god porsjon og putta resten i fryseren. Perfekt med steikte fiskekaker og salat i, ein travel kvardag.

Ha ein herleg sommerkveld du som kikkar innom!

Ingen kommentarer: