tirsdag 18. september 2012

Litt fornying i sofakroken...

Hjortepute sydd av kjøkkenhandkle og pute sydd i turkis ullstoff frå eit møbelfabrikkutsalg på Sunnmøre. Turkisfargen kjem ikkje til sin rett her dessverre! Den grå puta har mamma strikka. Synes den er suuperfin!!
 Det blir eindel timar på sofa`n på meg for tida, grunna lite samarbeidsvillig bekken. Då blir det ekstra viktig at eg har noko fint å kvile augene på der eg ligg. Nysydde puter, litt teip og ommøblering i tallerkenhylla var det som skulle til. Fornøgd!

Er berre fire veker att til termin no, så får vi sjå kor mykje meir ommøblering og putesying det blir før lille vidunderet er her. Ååå, som vi gler oss!!


torsdag 23. august 2012

I mamma si bukse..

Var: Mi litt for trange, altfor lav i livet- dongribukse. Er: Barnehagedongri til Minien.

Det skjer noko rart med meg når magen veks og fødsel nærmar seg: Eg får så lyst til å sy!

Denne gongen har eg blitt superinspirert av syboka SikkSakk der ei knallflink dame viser korleis ein syr barneklede av voksenklede. Genialt, spør du meg! Ingen dårlig samvittighet for bom-kjøp-buksa lengre og omtrent eit gratis prosjekt, sidan ribben og lappane også var restar frå tidligare prosjekt. Merka også at eg ikkje var så redd for å feile, fordi stoffet ikkje var nytt, og ikkje minst var dette veldig artig å prøve.

Den nye bukseeigaren var superfornøgd og ville gjerne bli tatt bilete av i nybuksa. Det var berre litt vanskeleg å stå i ro og følge instruksjonane frå fotografen;-)

Ha ein fiiin dag!

mandag 25. juni 2012

Nyyydeleg burger..


Sommar. Tid for lett mat, flate magar og sommervarme. Eventuelt tidenes beste heimelaga burger, ballongforma mage og heller kjølig temperatur. Det er jo ikkje så verst det heller:-)

Det er så mange fristande matbloggar rundt omkring! Det er typisk meg, når det er noko eg har lyst til å lage, å lese oppskrifter på det samme frå fleire forskjellige bloggar. Som regel blir det endelege resultatet ein salig miks. Denne gongen blei burgeren og dei deilige heimelaga hamburgerbrød frå ei oppskrift på bloggen Cafe Lemonia og ein skikkeleg god chiliaioli med sylteagurk og krydder fann eg på Spis Drikk Lev. Miksen vart, etter mi meining, nyyydeleg. Vi toppa heile junkfoodmåltidet med sprø løkringar (ikkje heimelaga) og det vart på ingen måte feil.

Det skal seiast at det var eit skikkeleg kraftig måltid dette her. Eg måtte rett og slett bruke kvelden for å klare å ete opp alt. (Klarte ikkje la vere heller for det var så godt!) Neste gong blir både burgerane og burgerbrøda litt mindre og flatere!

Eg hadde litt grovt mjøl i burgerbrøda, laga ein god porsjon og putta resten i fryseren. Perfekt med steikte fiskekaker og salat i, ein travel kvardag.

Ha ein herleg sommerkveld du som kikkar innom!

fredag 15. juni 2012

Hei igjen!

Nye kose-, lese-, leikekroken vår! Spanna frå Ikea er fulle av leiker og kassa under sofaen rommer nokre av bøkene til A.
Nydelege nattbordet etter bestemor og bestefar.
Litt rydding på bildelistene måtte til.
Det bognar verkeleg av blomster i hagen for tida. Eg plukkar inn og nyt det til det fulle.
Etter ei lita ryddeøkt vår kroppen klar for kvile igjen. Kosa meg skikkeleg med blad, kaffelatte med karamell, tørka mango og litt sjoko:) Lilla syrin var bestemor sin favoritt, så det var ekstra koseleg å setje dei på nattbordet hennar.

 Det tok si tid før neste innlegg kom gitt! Har for så vidt vore mykje rundt omkring og kikka, men ikkje kjent den store bloglysta sjølv. Forma har ikkje vore den beste i vår, men heldigvis har det vore til ei skikkeleg god sak. Det er nemleg ein liten mini som sprellar rundt inne i magen min :) Er no fem månader på veg og viss alt går etter planen kjem lillebror i oktober. Vi gleeeer oss! 

No er forma stabilisert og eg er i gang med forandringane eg har klekka ut etter x antall timar på sofaen, der eg har studert alt auge har hatt tilgang til rundt meg. Eg har lenge grubla på korleis eg skulle få til ein krok til i stova vår. Sofaen er gigantisk og heilt genial til sitt bruk, men  har liksom berre hatt ei avdeling for avslapping. 

Spisestuekroken synest eg var både mørk og litt upraktisk. MEN med skjenken i kjelleren og spisebordet snudd, vart det ein herleg liten krok til leiking, kaffidrikking og lesing. Eg er kjempefornøgd. Lampen, som tidlegare var over spisebordet må flyttast, og jammen trur eg den skal spraymalast og få ny ledning før den kjem opp igjen også. 

Det fiiine nattbordet ved sofaen var bestemor og bestefar sitt. Eg har pussa det ned og planen var at det skulle på vårt soverom. Det får stå her ei stund trur eg. Genialt til å setje kaffikoppen på og til oppbevaring av bøker, leiker osv. Dessutan er det kjempestødig om nokon skulle få lyst til å klatre litt på det :)

Ei riktig god helg til deg som kikkar innom! Vi skal i bryllup, gler oss:)

søndag 22. januar 2012

Ny lesekrok...

Vi har fått ein ny lesekrok i stova. Eg har lenge vore fasinert desse turkise 70-tallsmøblane og no har eg jammen fått både toseter og ein svingstol i hus:-) Sofaen er forresten mykje meir turkis enn det ser ut på biletet! Stova er ikkje så stor og har lenge sakna ein stad der eg kan lese Mamma Mø, Mummitrollet, Gubben og katten og Noas ark for minien, utan at TV-en er i sikte. Lampen er julegåve frå mamma og pappa og er kjøpt på Skeidar. Er superfornøgd med den!

No skal eg lade opp til ny veke med ein kopp te og kanskje bittelitt smågodt..;-)

Ha ein fin kveld!

tirsdag 11. oktober 2011

Marlene M


Nyydeleg cafè au lait sett frå Marlene M. Tvillingsøstrene frå Bergen har verkeleg fått det til. Perfekt form, farge og design i mine auger. Butikk i Bergen og nettbutikk her. Vel verdt eit besøk!

lørdag 10. september 2011

Barnerom...





Det blei visst ein litt vel lang pause dette her! Har ikkje brukt mykje tid på blogging og data generelt, i det siste, og har tenkt på å gi meg med blogginga. Det er ikkje det at interessen har avtatt, heller det at tida ikkje strekk til. Eg har begynt eit nytt skuleår med full jobb i ei førsteklasse. Med full aktivitet på heimebane i tillegg blir det nok ikkje så tett mellom innlegga framover.  Ser det an litt etter kvart om eg gir meg heilt eller ikkje.


Når det er sagt så vil eg vise nokre bilder frå minien sitt rom. Har fått opp to "nye" lampar der inne. Kulelampen er kjøpt på bruktbutikken i heimbygda mi for 50 kr. Taklampen hang i huset vårt då vi kjøpte det og etter ein idè frå Rom123 har den fått trekuler i ulike fargar på ledninga og grønmala ring rundt skjermen. Blei skikkeleg fornøgd om eg skal seie det sjølv :-) . No er det ein bildevegg som er planen. Satser på å få den i havn før jul ;-) !

Fortsatt god helg til deg som er innom!