mandag 17. august 2009

Vårt vesle under...

Første sida i albumet klart! Han låg uroleg slik at bilda vart såpass utydelege at vi fekk dei gratis.. Betre bilder følger forhåpentlegvis om ca to månedar:-)Inne i den runde tekstboksen har eg skrive tekst, men sensurert det for anledninga.

Eg har fleire gonger før sett bilder frå ultralyd og lurt på kva som er opp og ned og i det heile tatt kvar babyen er! Og sjølv om vi trengte litt forklaring når det gjaldt vårt vesle under også, blei eg forunderleg fasinert over å få sjå korleis han herja på der inne, korleis vi kunne sjå dei ulike organa i funksjon og i det heile tatt at det var ein baby der inne og at det faktisk var VÅR! Ei spesiell oppleving.

No, tre månedar seinare, når han sparkar meg så hardt at eg rykker til eller hikker så magen min gjer små hopp, er det heile blitt meir verkeleg. Eg har nettopp gitt meg sjølv lov til å sjå litt på babyklede i butikkane og kjenner at no når nokre små plagg er komne i hus, kan ventetida bli skrekkelig lang.. Eg gleeeeder meg sånn til å møte han, holde han, kose med han og passe på at han har det bra!!

4 kommentarer:

Kardemomme sa...

Hei Åse Marit :)Visst er de små undere der de ligger i magen!
Det er aldri lett å se hva som er opp og ned til å begynne med men plutselig trer formen fram og man kan se at de ligger der med totten i munnen og venter..
Skjønner godt at du gleder deg til å hilse på nurket ditt :))
Kjøkknet deres ble så fint i lyseblått og med røde puter!
En nydelig fargekombinasjon!
Klemmer fra Kardemomme :))

Anonym sa...

Ingen problem med å forstå at ventetida kan bli lang! Men håpar du klarar å nyte den også, og f.eks. bruke den til å sy babyklede og gjere alt klart til den vesle melder sin ankomst.
Buksa eg har sydd er frå boka vår, ja. Det er ein joggebuksemodell, "type 2", som gjer den litt vid. Enkel å sy når ein brukar ribb oppe og nede! Men OBSOBS; størrelsane i boka er stooore, og ribb-måla er enorme, så dei må kuttast kraftig ned på viss buksa skal henge på...
Berre spør viss det er noko du lurer på!

Linda S sa...

Så koselig at du venter ein liten :) Fin blogg du har, med mange flotte og fargerike bilder :)

banglamarie sa...


kjempeflott side av et under.
Virkelig fantastisk!!!

Lykke til i siste ventetid :)